Roger Sevrin Bruland i eit flaumråka Italia ved elva Rubicon.

Byråkraten: – Saknar action i Europa, men eit varmt og tørt kontor i Førde er deilig det òg

TV-profilen Roger Sevrin Bruland (47) har «kryssa Rubicon», både bokstaveleg og biletleg talt. I år slutta han nemleg som NRK-korrespondent for å bli Norec-byråkrat i Førde.

Publisert Oppdatert

Etter 15 år i utanriksredaksjonen i NRK, korav dei fire siste som Europa-korrespondent, flytta Roger Sevrin Bruland til Førde. Der leier han kommunikasjonsavdelinga til Norec, som sender folk frå Noreg og det globale sør på utveksling på staten si regning. 

Byråkraten:

Byråkratiet er sjølve bautaen i samfunnet vårt, og byråkratane er tannhjula som får det heile til å gå rundt. Men kven er dei eigentleg, alle desse byråkratane som sit på kontor og i opne landskap i departement og direktorat over det ganske land? Og kva driv dei eigentleg med? I denne spalta får du møta nokon av dei.

Korleis startar du dagen?

Med masse kaffi, bringebærsaft og NRK Alltid Nyheiter på radioen – då får ein inn P2 Nyheitsmorgon, som er landet sitt viktigaste nyheitsprogram frå klokka 06.30 til 09.00. Så køyrer eg sikk-sakk mellom sauer og kyr gjennom verdas vakraste natur til eg kjem til Førde by, der eg jobbar.

Kva er det beste med jobben din?

Det er flott å kunne jobbe med globale spørsmål og samtidig «bu heime» på Vestlandet. I tillegg har eg veldig kjekke kollegaer, og eg kan anbefale Norec som arbeidsplass. Det er eit heilt unikt fagmiljø, og vi har det moro både på jobb og fritida.

Og kva likar du minst?

Dårleg med parkeringsplassar i Førde, men det er ein by i vekst. Eg har òg inntil nyleg vore motstandar av PowerPoint, men eg er blitt omvend.

Kor ofte tenkjer du på at det er skattebetalarane sine pengar du forvaltar?

Det tenkjer eg på kvar dag – dei fortener at vi leverer kvalitet. Vi må ikkje gløyme at vi byråkratar òg er skattebetalarar.

«Byråkrati», «byråkrat» og at noko er «byråkratisk» har nærmast vorte skjellsord i Noreg. Byråkratar vert ofte skulda for å vere trauste og keisame. Er dei det?

Den fiktive James Bond er i teorien ein byråkrat, så her trur eg spørsmålet famnar litt for vidt. Eg tenkjer at her er det opp til kvar enkelt byråkrat å ta grep.

Så trur eg mykje av frustrasjonen mot «byråkratar» eigentleg er frustrasjon over offentleg forvaltning. I moderne og byråkratisk avanserte land er det eit mylder av etatar, og koordineringa mellom ansvarsområda kan vere mangelfull. Så byrjar folk å drøyme seg tilbake til det opplyste eineveldet, men det dei ikkje tenkjer på då, er at dette eigentleg var eit diktatur. Dei store samfunnssystema er i kontinuerleg utvikling, og med empati og godvilje frå både system og brukar, vil det fungere.

Er du stolt over å vere byråkrat?

Absolutt, frå kornkammera i Egypt til vårt moderne samfunn har byråkraten vore med på å forme verda vår. Utan byråkraten hadde vi framleis vore jegerar og samlarar.

Spørsmålet minner meg òg på då eg for mange år sidan var praktikant ved Den norske ambassaden i Skopje i Nord-Makedonia. Då blei eg sendt ut for å hente opplysningar frå folkeregisteret i ein liten fjell-landsby. Sorenskrivaren fann vi i eit lite skur som var bemanna ein dag i veka. Han røpte at den store draumen hans var å ein dag få seg ei skrivemaskin, fram til no hadde han berre hatt penn og papir. 

Inne i ein diger safe drog sorenskrivaren fram ei enorm skinnbunden bok der folkeregisteret sirleg var skrive inn for hand. Då vi hadde funne personopplysningane, drog han i ei snor som gjekk over den gjørmete vegen til ein kafé. Vi kunne i det fjerne høyre ei bjølle ringje. Etter ei stund kom ei dame inn og serverte kaffi og te.

Sorenskrivaren var ferdig for dagen, men det var nokre timar til bussen kom, slik at han kunne kome seg heim. Han fekk sitje på i ambassadebilen, og dette var noko av det største han hadde opplevd. Han utbasunerte: «Vi byråkratar må halde saman!» Vi var alle samde med han om det.

Kva for ei sak engasjerer deg for tida?

Eg har stor sympati med sivilbefolkninga i Ukraina som kvar natt må lide seg gjennom utallige flyalarmar og tilfeldige angrep frå dronar og rakettar. Dette er noko eg har opplevd gjennom fleire reiser til Ukraina sidan krigsutbrotet, og som eg hadde håpa eg aldri skulle få oppleve.

Elles, på heimebane, er eg oppteken av safting. Saftkokaren går døgnet rundt, mykje på grunn av at kona Britt Pernilla kjem frå den frukt- og bær-«utfordra» bygda Hornindal og ikkje har vore så van med overflødigheitshornet vi har her rett ved fjorden. Entusiasmen har smitta over på meg.

Viss du ikkje hadde vore byråkrat – kva er draumejobben?

Draumejobben har eg allereie hatt. Det var korrespondent for NRK. Diverre er korrespondent-stillingar tidsavgrensa, elles hadde eg nok vore der framleis.

Heilt på tampen: Kva er dine beste lesetips?

Sidan dette er ei byråkratspalte, skal eg dele noko alle byråkratar må lese: Nobelprisvinnaren i litteratur, Naguib Mahfouz frå Egypt, skreiv ei bok som heiter «Respected Sir». Den handlar om å ikkje miste seg sjølv i karrierejaget – og om ein lågareståande, men ambisiøs byråkrat som ser det som ei slags spirituell naudsyntheit å bli departementsråd. Skal ikkje avsløre korleis det går, men boka gjev grobotn for refleksjon.

Powered by Labrador CMS