Byråkraten: Henrik Nordal skal evaluera bruken av 53 milliardar bistandskroner
– Eg var på god veg til å bli sjømann, men dårleg fargesyn sette eit punktum for den karrieren. No er draumejobben å stable ei ny evalueringsavdeling på beina, så vi kan bidra til at norsk bistand er effektiv, relevant og når dei resultata ein har sett seg. Det fortel Henrik Nordal (45) som skal leie arbeidet med å evaluere bistanden, som blir flytta frå Norad i Oslo til Norec i Førde ved nyttår.
Regjeringa bestemte at evalueringa av bistanden skulle flyttast frå Norad i Oslo til Norec i Førde i mars i år. Det var 45-åringen Henrik Nordal som trakk det lengste strået og blei tilsett som ny evalueringsdirektør, med oppstart frå oktober.
– No jobbar vi for å sikre kompetanseoverføring frå Norad til Norec, og få på plass nytilsette og planleggje for resten av året og det neste, seier Nordal.
Med seg i bagasjen, har den ferske evalueringssjefen ein variert bakgrunn, frå livet til sjøs til livet som byråkrat i Lotteritilsynet, Utanriksdepartementet og Etterretningstenesta.
– Eg har jobba med alt frå å feilsøkje høgtalaranlegg saman med Thabo Mbeki, implementere fredsavtale, til telefonsamtaler med folk i djupe livskriser som ønskjer å ta sitt eige liv, fortel han.
Korleis startar du dagen?
Eg er b-menneske, men blir vekkja av yngstemann i familien omkring klokka 07.30. Han er fem år og a-menneske. Då er det på med P2 og Nyheitsmorgon, vekkje dei andre ungane, servere frukost, levering i barnehage og sykling til jobb. Vel framme på jobb er det kaffi og snus (om det er lov å seie i 2024?) medan eg byrjar å lese e-post før første møtepunkt på programmet. Sikkert ein ganske vanleg start på dagen for mange «småbarnsbyråkratar».
Kva er det beste med jobben din?
At eg får betalt for å gjere ting eg synest er interessant og spanande. Og ettersom eg er heilt fersk i stillinga er det ekstra mykje som kvalifiserer som nettopp det. I tillegg treff eg utruleg mange kjekke og smarte folk gjennom ein arbeidsdag. Det er givande.
Og kva likar du minst?
Reiserekningar, både fordi det er litt styr med det, men òg fordi det minner meg på mi eiga klimaskam.
Kor ofte tenkjer du på at det er skattebetalarane sine pengar du forvaltar?
Eg likar ikkje omgrepet skattebetalarane sine pengar. Det er fellesskapet sine pengar, inkludert dei som ikkje betalar skatt. Når det er sagt, så er eg meir og meir medviten om at det er ein alternativkostnad i all ressursbruk. Som leiar føler eg på eit ansvar for å nytte ressursane mest mogleg effektivt. Spesielt no som den makroøkonomiske situasjonen vi er på veg inn i blir meir krevjande, og det blir naudsynt å gjere meir for mindre.
«Byråkrati», «byråkrat» og at noko er «byråkratisk» har nærast vorte skjellsord i Noreg. Byråkratar blir ofte skulda for å vere trauste og keisame. Er dei det?
Ja og nei. Byråkratar skal av og til vere trauste og kjedelege for å vere føreseielege og trygge, og av og til skal dei vere innovative og sprudlande når rolla krev det. Og som person vil eg tru at byråkratar reflekterer mangfaldet i personlegdomen vi finn i samfunnet elles.
Er du stolt over å vere byråkrat?
Absolutt. Men òg audmjuk fordi eg prøver å leve opp til forventningane som er knytt til å forvalte fellesskapet sine ressursar, og at andre skal leve med konsekvensane av arbeidet eg gjer. Og så opplever eg det som eit stort privilegium. Eg har jobba som ufaglært i fleire år og kjent på kor hardt arbeidslivet kan vere. I byråkratiet eg har jobba i har det vore gode vilkår og ordna arbeidsforhold. Det er ikkje alle i arbeidslivet forunnt.
Kva for ei sak engasjerer deg for tida?
Akkurat no er det nok valet i USA spesielt, og demokratiutvikling generelt. Eg var lenge eit naivt barn av 90-talet og kjøpte heilhjarta Francis Fukuyama sin idé om The End of History and the Last Man, at det uunngåeleg gjekk mot ei verd med liberale demokrati der krig gradvis ville forsvinne. Alt anna verka urealistisk.
Eg las hegelianaren Alexandre Kojève og om det posthistoriske mennesket. Om korleis demokrati ville gje oss personleg fridom og materiell velstand, og at dette var tilstrekkeleg anerkjenning for oss som menneske. Vi ville deretter gå inn i ein naturtilstand der vi blei opptekne av å dekkje berre våre elementære behov, leve i pakt med naturen utan eksistensiell angst og jag etter anerkjenning som hadde vore drivkraft i tidlegare historisk utvikling. O’boy! Snakk om feiltolking av kor verda var på veg!
Det at spenninga i verda aukar, at mange innbyggjarar i etablerte demokratier ser ut til å ha gitt opp tanken om at demokratiet leverer varene for dei, og kvifor halvparten av amerikanarane seier dei vil stemme på Donald Trump, opptar meg difor intenst. Svaret får eg nok ikkje i mi levetid, dessverre.
Viss du ikkje hadde vore byråkrat – kva er draumejobben?
Som veldig ung ville eg bli kranførar. Seinare var eg på god veg til å bli sjømann, men dårleg fargesyn sette eit punktum for den karrieren. Heldigvis gjekk det betre med jobbambisjonane seinare. No er draumejobben å få ei ny evalueringsavdeling stabla på beina, så vi kan halde fram med å bidra til at norsk bistand er effektiv, relevant og når dei resultata ein har sett seg.
Heilt på tampen: Kva er dine beste lesetips?
Smaken er jo som baken, så eg skal vere varsam med å tilrå noko spesifikt. Men eg kan gje eit generelt tips. Les ein klassikar du las som ung. Om du samanliknar inntrykka av boka, så lærer du noko nytt om deg sjølv.
Les meir:
-
Marianne Karlsen skal forhandle om klima på «verdens viktigste toppmøte»
-
Byråkraten: – Interessant å følge med på statsbudsjettet fra utlandet, og se det fra et helt annet perspektiv
-
Byråkraten: – Evakueringen fra Kabul er det mest dramatiske jeg har vært med på
-
– Bak nesten enhver byråkrat skjuler det seg et interessant menneske
-
Byråkraten: – Saknar action i Europa, men eit varmt og tørt kontor i Førde er deilig det òg
-
– Jeg forsøkte å melde meg på Kompani Lauritzen med tittelen «byråkrat»
-
Byråkraten: Jobber med energi i et land der under halvparten har strøm
-
Prest, diplomat, byråkrat, forfatter – og snart bonde på Sicilia
-
– Jeg er byråkrat, og det er vakkert
-
Byråkraten: Kyrre Berland (29) er rådgiver for Norads direktør