Studentar ved ein kunstskule i Mumbai, India, måla bilete av Donald Trump i november 2024.

Meiningar:

Trump Vol. 2 vil ha konsekvensar for verdsutviklinga

USA er den klart største gjevaren av bistand i verda, men det er uklart om det vil fortsette. Ein ting er likevel sikkert, Trump kjem ikkje til å prioritere klima.

Dette er ein kronikk. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.  

Det er mykje merksemd rundt Trump sine utsegner om overtaking av Grønland, Canada og Panamakanalen. I ei stadig meir konfliktfylt og delt verd skapar dette uvisse og uro for at internasjonal rettsorden og menneskerettar vil verte nedprioritert dei neste fire åra.

Trump sine ekspansive utsegner bryt med utanrikspolitikken han førte i første periode, då målet var å avslutte kostbare krigar og konsentrere seg om å gjere USA «great again».

Men verda har ikkje vorte fredelegare dei siste åra. Det Norske Nobelinstitutt sin nye direktør, Kristian Berg Harpviken, påpeika ved årsskiftet at med 59 aktive konfliktar er me i ein farleg fase i verdshistoria.

Spørsmåla som uroar mange er difor kvar eit Trump-styrt USA vil posisjonere seg, kva landet vil prioritere og korleis dette vil ha innverknad på fred og utvikling i verda.

Sjølv om republikanarane generelt er skeptiske til å bruke pengar på bistand, kan Trump sjå nytten av eit alternativ til Kina sin bistand.

Verdsbilete er endra – kven vil Trump støtte? 

I sikkerheitspolitisk samanheng vert Kina saman med Russland framstilt som ein mogeleg trussel mot Vesten, og ikkje minst NATO.

I ein økonomisk- og bistands-samanheng er Kina på offensiven i Afrika, Asia og Latin-Amerika med investeringar i sitt Belte- og veginitiativ.

Sidan 2010 har land og veksande økonomiar som Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika (BRICS) utvida sitt samarbeid, og mellom anna fått med Iran og Egypt for å skape eit alternativ til ei USA-leia verdsordning.

Samtidig tek land som Tyrkia (som også er NATO-medlem) og India ei meir uavhengig rolle, og søkjer samarbeid der det støttar eigen politikk og interesser.

Dette skapar ei mindre føreseieleg verd, der land og regionar både er under press og søkjer nye alliansar.

Sentral-Asia er eit slikt eksempel der tidlegare Sovjet-republikkar fristiller seg frå Russland, aukar handel med Kina, men samstundes orienterer seg mot Europa, noko som er gjensidig frå EU si side.

I Sør-Kaukasus, eit anna grenseområde, har pendelen svinga andre vegen. Georgia som før søkte mot Europa og USA, har etter 2024-valet fått ei meir prorussisk regjering, til store protestar.

Når land og alliansar får endra innflytelse, kan endringar kome raskt og uventa. Det er tydlegast i Syria, der Assad sitt regime fall etter at støttespelarane Russland og Iran vart økonomisk og militært svekka.

Kvar USA posisjonerer seg under Trump II-administrasjonen er ein viktig faktor for fred og utvikling. Kven støttar dei, kva type militære, politiske og økonomiske verkemiddel vil dei ta i bruk og ikkje, og vert proteksjonisme og skattlegging av handel dei viktigaste verkemidla?

Trump-administrasjonen tok veldig seint kontakt med USAID for å legge til rette for overgang frå Biden-administrasjonen, og det er framleis ikkje oppnemnt ny USAID-administrator etter Samantha Power.

Ei mindre skeptisk verd

Medan ein i Europa er uroa over Trump sine ytringar, er bilete eit anna utanfor USA sine nære allierte. Ein Aftenposten-artikkel siterer ei meiningsmåling utført av European Council on Foreign Relations (ECFR) i 24 land.

Den syner at befolkninga i land som militært og økonomisk utfordrar USA, er positive til Trump som ny president, både på vegner av eige land og for verdsfreden.

Heile 82 prosent av dei som er spurt i India, 57 prosent i Saudi-Arabia, 52 prosent i Kina og 45 prosent i Russland meiner at Trump er bra for verdsfreden. På motsett side trur 58 prosent i Storbritannia, 50 prosent i Sør-Korea og 40 prosent i EU at Trump er dårleg nytt. Dette står i motstrid til realitetane om ei meir konfliktfylt verd og skjerpa ordbruk om Taiwan.

Men, det kan reflektere at utafor Europa er det eit håp om at Trump står ved sine lovnader om å få slutt på krigane i Ukraina og Midtausten. Og at det er eit USA som i mindre grad vil involvere seg i konfliktar utover eige nærområde, men kanskje også gje andre friare taumar i sine nabolag – som Israel.

Uavklart bistand, men kutt i klimatiltak

Det er derfor merkeleg at det er så få signal om USA sin bistandspolitikk og prioriteringar.

Trump-administrasjonen tok veldig seint kontakt med USAID for å legge til rette for overgang frå Biden-administrasjonen, og det er framleis ikkje oppnemnt ny USAID-administrator etter Samantha Power.

Det er antyda at sjølv om republikanarane generelt er skeptiske til å bruke pengar på bistand, kan Trump sjå nytten av eit alternativ til Kina sin bistand.

Kongressen sikra at det skjedde få endringar i bistanden under den første Trump-perioden, med unntak av kutt i helseprosjekt og til Verdas helseorganisasjon etter koronakrisa.  

Når det gjeld rolla i FN og støtte til FN-organisasjonar er det få signal, men ei frykt er at vaksineskeptikar Robert F. Kennedy Jr. kan få negativ innflytelse. Det me kan vere sikre på er at klimatiltak ikkje lenger vert prioritert, elles er det meste uavklart.

Powered by Labrador CMS