Sophia Lin (t.v.) og George Foote, som var advokatar for Institute of Peace, gjekk ut for å møte tilsette frå den statlege effektivitetsetaten DOGE 17. mars.

Meiningar:

Det er ikkje berre USAID Trump har stengt ned

No har også det kongressoppretta U.S. Institute of Peace vorte offer for nedlegging. Dei tilsette er nekta tilgang til kontora, styret er kasta, nettsida er stengt og etaten for effektivisering har teke over datanettverk – og truleg forskingsdata og kommunikasjon. Det siste gir grunn til uro langt utanfor USA.

Dette er ein kronikk. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.

Det kan synast som ei venta utvikling når stadig fleire statlege institusjonar vert nedskalert og tilsette sparka, ofte utifrå eit argument om å spare pengar. 

Men skilnaden er at U.S. Institute of Peace (USIP) vart oppretta av og er i hovudsak finansiert av den amerikanske Kongressen. Dei har eit mandat til å arbeide for fred, og dei driv med forsking. Dei er ikkje ein vanleg statleg institusjon.

Nedlegginga

Det starta med eit president-vedtak 19. februar med mål om å redusere føderalt byråkrati, minske sløsing og misbruk, redusere inflasjon og fremme amerikansk fridom og innovasjon. Her var USIP lista saman med tre andre stiftelsar, med ein 14 dagar lang frist på tilbakemelding om korleis ordren skulle gjennomførast. 

Det som uroar meg som forskar, er at eit statleg departement har teke kontroll over USIP sine databasar og truleg kommunikasjon. Her ligg årevis med forskingsdata og rapportar, kontakt-detaljer til forskarar frå heile verda og truleg e-postkommunikasjonen deira og kritiske synspunkt på USA og Trump sin politikk.

Ifølge USIP-kjelder viste dei til at det var Kongressen som i 1984 hadde gitt USIP mandat som ein uavhengig stifting og gitt årleg finansiering, at dei eigde grunnen der kontoret stod og hadde sjølv finansiert dei. Dei meinte det var opp til Kongressen og ikkje presidenten å bestemme deira framtid, og USIP-sjefen og leiinga nekta å forlate jobbane sine.

Det var ikkje Trump-administrasjonen einige i. Den 14. mars sparka dei USIP sitt styre med unntak av tre medlemer, men USIP sin fungerande leiar nekta framleis å gå av og let heller ikkje folk frå Elon Musk sitt departement for statleg effektivitet (DOGE) inn i bygget. 

Ein detaljert New York Times-artikkel syner korleis medarbeidarane i Utanriksdepartementet og DOGE måndag 19. mars tok seg inn i USIP-bygninga, kasta ut leiinga, sette inn ein ny leiar med erfaring frå stenginga av USAID og stengde ute staben.

Eit privat tryggingsfirma vart tvunge til å opne dørene, elles ville alle statlege kontraktar verte kansellert, og lokalt politi vart kalla inn for å kaste ut staben. Eit forsøk på å få eit hastevedtak frå rettsvesenet for å hindre overtakinga førte ikkje fram, dommaren sitt argument var at dei avsette styremedlemene ikkje kunne fremme sak på vegner av USIP.

Resultatet vart utestenging av alle USIP-tilsette frå kontora og frå tilgang til e-post og eigne data. Nettsida deira vart også blokkert, og dermed tilgangen til alle forskingsrapportar og artiklar USIP har produsert. Det er ikkje noko signal om kva den vidare planen er, eller om USIP er endeleg nedlagt.

Stenginga av USIP sender eit sterkt signal til dei som vurderer å vere kritiske til Trump sin utanriks- eller fredspolitikk.

Den trumpistiske freden

Det kan berre spekulerast i kvifor det vart ei slik hast å få kontroll over USIP. 

Som institusjon, hadde dei alt innretta seg etter Trump-administrasjonen sine prioriteringar. Nettsida deira vektla forsking som kunne hindra truslar mot USA, som narkotikasmugling og migrasjon. 

Samstundes er det klart at USIP hadde ekspertise på og kunne vore ei korrigerande stemme til den type forhandlingar og konsept om fred president Trump og administrasjonen hans prøve å fremme i Ukraina og i Gaza. Også den tilnærminga dei har tatt overfor Grønland, Europa og uvissa som er skapt om støtta til NATO.

Den form for påminningar og kritikk var nok ikkje ønskjeleg, og stenginga av USIP sender eit sterkt signal til dei som vurderer å vere kritiske til Trump sin utanriks- eller fredspolitikk.

Angrep mot kritiske stemmer? 

Det som også uroar meg som forskar, er det som har fått minst mediemerksemd så langt: eit statleg departement med uklart mandat har teke kontroll over USIP sine databasar og truleg kommunikasjon.

Her ligg årevis med forskingsdata og rapportar, kontakt-detaljar til forskarar frå heile verda og truleg også e-postkommunikasjonen deira og sikkert også kritiske synspunkt på USA og Trump sin politikk.

Det er eit stort tap om ein ikkje lenger får tilgang til rapportar og artiklar frå dette viktige forskingsarbeidet. Langt alvorlegare er det om Musk og hans folk tek i bruk sine KI-verktøy for å søkje opp kritiske synspunkt og forskarar, og set inn tiltak mot personar og kanskje institusjonar dei meiner rettar uretteleg kritikk mot Trump-administrasjonen sin politikk. 

Mindre inngripande tiltak kan vere å nekte internasjonale forskarar visum eller avvise dei på grensa, eller utvise dei som er i landet men som er utan permanent statsborgarskap. Det me har sett forsøkt overfor kritiske studentar, er påstandar om tilknyting til terrororganisasjonar eller å ikkje ha informert om å ha vore tilsett i for eksempel FN-organisasjonen UNRWA.  

Dette siste peikar mot det alvorleg presset akademia og amerikanske universitet er under, ideologisk og økonomisk, og dermed også avgrensing av retten til fri ytring. At Universitetet i Oslo melder at deira forskarar har teke imot eit politisk lada spørjeskjema frå amerikanske styresmakter, indikerer at dei også ser utafor sine eigne grenser.

Til ettertanke

Ein kan enten sjå stenging og overtaking av USIP som eit overivrig forsøk på å kutte i byråkrati og utgifter, eller eit målretta tiltak for å kneble forsking og kritiske meiningar om dagens politikk. 

Trump vektla i valkampen og frå han vart innsett som president at han, i løpet av timar og dagar, skulle ordne fred i verda og hindre meiningslause drap.

Det har synt seg å ikkje vere så enkelt. Dei krigførande partane gjer ikkje som Trump ønskjer, og mange er kritiske til ei tilnærming som ekskluderer partar i konflikten frå forhandlingane. Den lova freden let vente på seg og det er få garantiar for at føreslåtte avtalar kan gje varig fred.

Trump-administrasjonen sitt kortsiktige svar er å stenge ned den institusjonen som har kunnskap om fred og fredsforhandlingar. Det er lett å påpeike at det ikkje er lurt, men det er ingen grunn til å tru at det synspunktet vil endre noko. 

Men, me kan iallfall påpeike det på vegner av våre amerikanske kollegaer.

Powered by Labrador CMS