Pasientar ventar utanfor behandlingssenteret for m-koppar ved Nyiragongo General Referral Hospital, som ligg nord for Goma i Den demokratiske republikken Kongo, 17. august.

Meiningar:

M-koppar: Kva var det vi ikkje lærte av koronapandemien?

Då virussjukdommen m-koppar nådde Europa og USA i 2022, var Verdas helseorganisasjon raske med å erklære ei global folkehelsekrise. I år tok det same viruset over 600 liv i Afrika før dette skjedde. For å hindre framtidige pandemiar, må vi både ha eit globalt og eit lokalt perspektiv.

Dette er eit debattinnlegg. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.

Den afrikanske folkehelseorganisasjonen Africa CDC erklærte 13. august at m-koppar er ei folkehelsekrise som trugar afrikansk tryggleik.

Dagen etter kom Verdas helseorganisasjon med si melding om at det pågåande utbrotet av m-koppar i Afrika er ei global folkehelsekrise.

Ei slik melding kom òg under det førre m-koppe-utbrotet som nådde Europa og Amerika i 2022, og som mest spreidde seg blant menn som har sex med menn.

Om lag 90.000 vart smitta og 112 døydde den gong. Den krisa vart avblåst i 2023 då smittespreiinga i Europa og Amerika gjekk ned, og ein hadde funne og godkjent ei vaksine som var effektiv.

Det er store mørketal sidan pålitelege testar ikkje har vore tilgjengelege i Afrika.

M-koppar i Afrika

Heilt tilbake til 1970-talet har m-koppar vore ein endemisk sjukdom i fleire land i Sentral-Afrika, men det har vore ein kraftig auke i smittetal i Afrika det siste året.

Dette utbrotet har i liten grad spreidd seg til Europa og USA, og har såleis inntil nyleg skapt lite interesse i det globale nord.

Det store antalet av pasientar med m-koppar og dødsfall har kome i Den demokratiske republikken Kongo etter at den internasjonale folkehelsekrisa vart avblåst i 2023.

Det er no registrert om lag 40.000 påviste tilfelle i totalt 15 afrikanske land, over 90 prosent frå DR Kongo. Og om lag 20.000 tilfelle og meir enn 600 dødsfall berre i år, ein dødelegheit på om lag tre prosent, ifølgje Africa CDC. Det er store mørketal her sidan pålitelege testar ikkje har vore tilgjengelege i Afrika.

Det viruset som no er mest utbreidd i Afrika er «subgruppe 1», som smittar meir gjennom vanleg kroppskontakt og truleg også gjennom dropesmitte.

Personar med underliggande kroniske sjukdommar og immunsvikt (hiv), gravide og barn er meir utsett for å bli sjuke og døy.

Vaksinar

Det finst vaksine mot m-koppar. Dette er 2. og 3.-generasjons koppevaksine (frå Danmark, Bavarian-Nordic, Japan og USA).

Den er så langt produsert i relativt små mengder, og vaksinen er dyr. 1000 kroner per injeksjon, og det trengst to for fullvaksinering.

Bavarian-Nordic sin vaksine er godkjent for bruk mot m-koppar i Europa og USA, men har ikkje vore godkjent til bruk i Afrika, som enno ikkje har på plass sitt eige godkjenningssystem. Det er Verdas helseorganisasjon som har ansvaret for det, og dei har ikkje akkurat vore raske, men arbeid er kome langt no for å få til ei nødgodkjenning for bruk under det pågåande utbrotet.

Ein har måtta vurdere om vaksinen er effektiv mot dei nye undergruppene av viruset, om den er trygg for gravide og barn, og om den er effektiv i andre kontekstar. Det manglar også studiar.

EU har donert 215.000 dosar til responsen.

Africa CDC estimerer at det er behov for cirka ti millionar dosar. GAVI, CEPI og UNICEF samarbeider med Africa CDC om vaksinespørsmål både knytt til kjøp, distribusjon, og lokal produksjon.

Noreg har vaksinar på lager. FHI har uttalt at det som no er viktig, også for norsk beredskap, ikkje er å hamstra vaksinar i nord, men å støtte responsen for å slå ned utbrota i dei affiserte landa i Afrika.

Det pågåande m-koppe-utbrotet viser at mykje enno manglar for å få på plass ein rask, effektiv og solidarisk global respons.

Kva har vi lært etter korona?

Etter koronapandemien har ein vore opptatt av å lære slik at verda skulle vere betre budd på ei ny folkehelsekrise. Det pågåande m-koppe-utbrotet viser at mykje enno manglar for å få på plass ein rask, effektiv og solidarisk global respons. Det er mangel både på diagnostika, vaksinar og legemiddel for behandling.

  • Igjen ser vi at sjukdommar som er langt frå våre eigne grenser får lite merksemd, sjølv om dei utgjer store folkehelseproblem der dei herjar, og dei kan gje opphav til nye pandemiar
  • Krig og konflikt og svake helsesystem gjer at grunnleggjande helsetenester og vaksinasjon ikkje er på plass, og gjer særleg barn meir utsette for smitte og alvorlege sjukdommar
  • Klimaendringar fører til migrasjon både av menneske, bakteriar, virus og vektorar for smittsame sjukdommar og gjer alle meir utsette for pandemiar. Mangel på tilgang til trygg mat forsterkar dette bilete
  • Som vi såg det under koronapandemien, er dei som frå før har ein underliggande kronisk sjukdom også meir utsette for å bli alvorleg sjuke av m-koppar
  • Aukande resistens mot antibiotika er ein trussel mot effektiv behandling for sjukdommar hos dyr og menneske, både i nord og i sør
  • Den mest vanlege dødsårsaka for m-koppar er sekundærinfeksjonar frå hudlesjonar som fører til infeksjon i blodbanen (sepsis)
  • M-koppar er ein sjukdom som både har synlege symptom på huda, og som er knytt til seksuell smitte, som folk gjerne vil skjule. Arbeid mot stigmatisering er viktig her, som ved hiv/aids

Africa CDC i førarsete

Africa CDC har tatt ei leiarrolle i den kontinentale responsen, som no gjeld til saman 15 land. Dei har på plass eit stort team i DR Kongo, og utvidar no også til å vere til stades i fleire land.

Det vert understreka både frå Verdas helseorganisasjon og Africa CDC at ein treng ein koordinert respons i Afrika.

Sjefen for Africa CDC Jean Kaseya uttaler at det no er på plass eitt felles kriseteam i DR Kongo, leia av Africa CDC og Verdas helseorganisasjon, med ein afrikansk responsplan, eit felles budsjett og ein samla plan for overvaking og evaluering av innsatsen.

M-koppar i sin noverande form vert neppe ein ny pandemi.

Neppe ein ny pandemi

M-koppar i sin noverande form vert neppe ein ny pandemi. Tradisjonelle smitteverntiltak saman med vaksinar og god helsehjelp er viktige tiltak framover.

Men det pågåande store utbrotet i Afrika er ei kraftig påminning om at ein både må ha eit globalt og lokalt perspektiv for å kunne førebygge, varsle og handtere framtidige epidemiar og pandemiar.

I over eitt år har dette utbrotet av m-koppar spreidd seg til stadig fleire land i Afrika, nye og meir smittsame undergrupper av viruset har kome til, og vaksinar og andre nødvendige helseprodukt har enno ikkje nådd fram til dei land og område der det er mest behov for dei.

Afrika-strategien

I den nyleg lanserte norske Afrika-strategien står det at Noreg vil støtte arbeidet med å bygge robuste helsesystem og god kriseberedskap.

Samarbeid om forsking og kunnskap knytt til helse både for menneske, dyr og miljø inngår i dette. Støtte til afrikanske og multilaterale organisasjonar er viktig. Noreg er òg representert i Africa CDC gjennom langsiktige samarbeid med FHI, UiB og UiO.

Det viktigaste arbeidet for å førebygge framtidige pandemiar er å investere i fredstid for å styrke nasjonale og lokale helsesystem og institusjonar, og gje tilgang til vaksinar og grunnleggjande helsetenester som folk har råd til, i alle land.

Powered by Labrador CMS