Meiningar:
Er eigentleg Kina ein nøytral utviklingsaktør?
Kina framstiller seg som ein annleis utviklingsaktør enn vestlege givarar. Meir likeverdig og med mindre kravsetjing og innblanding i nasjonale forhold, med ein visjon om at økonomisk utvikling skapar fred. Mange tvilar på om dette er tilfelle. Eit blikk på Pakistan syner at lokale forhold og konfliktar utfordrar nøytralitetslinja.
Dette er eit debattinnlegg. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.
Det vert teikna to motstridande bilete av Kina som stormakt og bistandsaktør. I eit tryggings- og økonomisk perspektiv vert Kina framstilt som ei aggressiv stormakt som allierer seg med Russland og rustar seg til krig, eit land verda og NATO må verne seg mot.
Kina på si side hevdar å ha fredelege hensikter trass omfattande militær oppbygging og gjenreising av den gamle og verdsomspennande Silkevegen, no omtala som Belte- og veginitiativet.
Kina framhevar at støtte til økonomisk utvikling og handelssamarbeid med utviklingsland, utan innblanding i landa sine indre forhold, er den beste oppskrifta for fredsbygging. Akademikarar omtalar det som «utviklingsfred» – å oppnå fred gjennom utvikling.
Skepsisen er likevel stor. Nokon vektlegg at det er meir lån enn bistand Kina bidreg med, medan andre har lite tiltru til at Kina ikkje forventar returtenester eller støtte til Kina sin geopolitiske og militære posisjonering.
Eksempla som vert viste til, er den feilslåtte utbygginga av Hambantota-hamna på Sri Lanka, som Kina til slutt kjøpte opp frå den srilankiske staten, omfattande bruk av kinesiske arbeidarar framfor å tilby lokale arbeid og at Belte- og vegprosjekta er lite klimavennlege og kan auke gjeldsbyrda for utviklingsland.
Det er også uro over at Kina ser ut til å setje stabiliteten til statar over fremjing av menneskerettar og demokrati.
Alt tidleg ser ein at framstillinga av Kina som pådrivar av utviklingsprosjekt må nyanserast, og at interne og regionale konfliktar og maktforhold utfordrar nøytralitetslinja.
Forskingsoppstart
Det har vore mykje merksemd og forsking på Kina sin auka rolle og innflytelse i Afrika. Eit nyleg starta forskingsprosjekt ved Institutt for fredsforsking (PRIO) og Chr. Michelsens Institutt (CMI) ser derimot på oppfatninga av Kina som utviklingsaktør i Pakistan og Afghanistan, og om tiltaka kan bidra til fred i land med ulik grad av konflikt og type styresett.
Alt tidleg ser ein at framstillinga av Kina som pådrivar av utviklingsprosjekt må nyanserast, og at interne og regionale konfliktar og maktforhold utfordrar nøytralitetslinja.
Første fasen av forskingsprosjektet er å sjå på Pakistan. Der har utbygginga av Gwadar-hamna i den fattige Balutsjistan-provinsen, som er del av den omfattande økonomiske korridoren mellom Kina og Pakistan (KPØK-prosjektet), fått mykje merksemd.
Det lange brorskapet
Mykje litteratur og mange av intervjua vektlegg eit langt og broderleg forhold mellom Kina og Pakistan. Pakistan var mellom dei første landa som anerkjende Folkerepublikken Kina i 1950.
Med India som ein felles fiende, har landa støtta kvarandre politisk, som i Kashmir-konflikten. Dei har også unnlate å kritisere forhold i det andre landet, som tilhøva for den muslimske uigur-minoriteten i Kina.
Eit tidleg fellesprosjekt var bygging av heilårsvegen over Karakoram-fjellkjeda, som opna i 1978. Seinare har Kina gitt omfattande økonomisk støtte til Pakistan. Det er også samarbeid om kjernekraft og atomvåpen, og Kina er Pakistan sin største våpenleverandør. Det har vore eit aukande, men mindre utnytta akademisk og utdanningssamarbeid, noko dei store språkbarrierane er ein årsak til.
Kven som har styrt Pakistan, synest ikkje å ha påverka samarbeidet. Det er vidareført under demokratisk valde regjeringar og i dei lange periodane med militært styre.
Mange observatørar påpeikar at Pakistan sitt militære uansett utøver stor innflytelse over pakistansk politikk, og dei har teke ein stadig meir aktiv rolle i næringslivet gjennom eigarskap i og leiing av private firma, inkludert i delar av KPØK-prosjektet.
Utviklinga inngår i eit større internasjonalt mønster der Kina i aukande grad tyr til diplomatiske verkemiddel for å adressere konfliktar som truar deira strategiske og økonomiske interesser.
Krevjande balansegang
Medan Pakistan har oppretthalde samarbeidet med Kina, har dei også prøvd å vidareføre forholdet til tidlegare kolonimakt England, og ikkje minst USA, som også har ytt økonomisk og militær støtte. Samarbeidet stod sterkt under Den kalde krigen etter Sovjetunionen sin invasjon av Afghanistan, og vart tatt opp att under Krigen mot terror.
Skepsisen til Pakistan auka på amerikansk side då det synte seg at Al-Qaida-leiaren Osama bin Laden i mange år hadde skjult seg nær ein pakistansk militærbase.
Etter uttrekkinga frå Afghanistan i 2021, reduserte USA sitt nærvære i regionen og det tette samarbeidet med Pakistan. Kina på si side, saman med Russland og Iran, nytta høvet til å posisjonere seg politisk og økonomisk, medan Pakistan prøver å balansere stormaktstilknyting og økonomiske interesser.
Dette vert utfordra av store interne utfordringar i Pakistan. Landet sine fire provinsar har alltid kniva om politisk innflytelse og økonomiske prioriteringar. Den største, men minst folkerike Balutsjistan-provinsen og Khyber Pakhtunkwa-provinsen føler seg nedprioritert i forhold til Sindh- og Punjab-provinsane.
I Balutsjistan stiller grupper krav om auka innflytelse og rettar, nokon argumenterer for fullt sjølvstende frå Pakistan, og enkelte tyr til militære angrep. I Khyber Pakhtunkhwa står den pakistanske Taliban-rørsla og Den islamske staten Khorasan-gruppa (ISKG) for liknande angrep.
Over dei siste åra er også kinesisk-finansierte prosjekt og institusjonar blinka ut for angrep sidan dei er sett på som støttespelarar for den pakistanske staten.
Det utfordrar Kina si nøytralitetslinje.
Økonomisk korridor og prosjekt
KPØK-prosjektet er framheva som grunnsteinen i samarbeidet mellom Kina og Pakistan. Avtalen, signert i 2015, hadde ein verdi av 45,6 milliardar amerikanske dollar og er seinare auka til 62 milliardar.
Prosjektet er delt i tre fasar som skal gå over 15 år, det kombinerte forskjellige låneformer med private kinesiske investeringar. Prosjektet inkluderer langt meir enn eit transportnettverk gjennom Pakistan. Energiforsyning er prioritert, og det inkluderer økonomiske soner, teknisk utdanning og utvikling av jordbrukssektoren.
Gwadar-hamna i Balutsjistan har fått mest merksemd og er av enkelte vurdert som eit teikn på at Kina kan feila i sine prosjekt.
Prosjektet var i utgangspunktet initiert av Pakistan med mål om å ha ei militært sikker djupvatns-hamn langt unna grensa til India. Arbeidet starta alt i 2002 og første fase var ferdig i 2007, det vart så prioritert igjen i 2015, men då under kinesisk administrasjon og som del av KPØK-prosjektet.
Utfordringane
Datainnhenting og intervju synleggjer tre faktorar til forseinking av første fase av KPØK-prosjektet, og årsaka til at det no vert reist spørsmål om finansieringa av den andre fasen frå 2021 til 2025.
Det eine var at pakistanske politikarar ikkje kunne einast om ein hovudveg gjennom Pakistan til Gwadar. Dei prioriterte heller investeringar i fleire lokale veg- og transportprosjekt som ikkje gav noko optimal transportløysing sett med Belte- og veginitiativ-auge. I tillegg kom klager på manglande bodrundar for prosjekta og omfattande korrupsjon, som dermed reduserte verdien av dei kinesiske investeringane for både mottakarar og investorar.
Den andre faktoren er den pågåande politiske turbulensen i Pakistan, og landet sin sterkt forverra økonomi. Ikkje berre reduserte det den statlege tilbakebetalinga av lån, men kinesiske private investorar som hadde stått for utbygginga av den høgt prioriterte elektrisitetsutbygginga klagar også på manglande betaling og dermed redusert vilje til nyinvesteringar.
Den tredje faktoren, og ei aukande utfordring, er manglande tryggleik. Det har vore ei rekke sjølvmordsangrep mot kinesiske prosjekt, arbeidarar og undervisningsinstitusjonar.
Den vanskelege nøytraliteten
Den lokale motstanden i Balutsjistan mot kinesisk-støtta prosjekt og dei væpna angrepa utfordrar Kina si nøytralitetslinje. Dei har bedt Taliban-administrasjonen i Afghanistan om å hindre pakistanske Taliban frå å gjennomføre nye angrep, og lagt press på Pakistan for å få betre vern av kinesiske arbeidarar og prosjekt.
Denne utviklinga inngår i eit større internasjonalt mønster der Kina i aukande grad tyr til diplomatiske verkemiddel for å adressere konfliktar som truar deira strategiske og økonomiske interesser. Det beste eksempelet så langt er rolla deira i å få på plass ein avtale mellom erkefiendane Iran og Saudi-Arabia i 2023.
Så langt har Kina vore forsiktige i sin offentlege kritikk av pakistanske styresmakter. Den vert halde internt, men er indirekte synleg gjennom forsinka oppstart eller utsetjing av planlagde KPØK-prosjekt.
Det vert derfor interessant å følgje med på kva grep Kina tek framover for å vere lydhøyre for, adressere eller imøtekome lokal motstand og klager på utbytting av naturressursar. Og om nøytralitetslinja vert oppretthalden når eigne strategiske og økonomiske interesser og den lova utviklinga og freden i mottakarlanda kjem under direkte angrep.
Les meir:
-
Taiwan – en øy i evig storm?
-
Støre lover mer Kina-samarbeid etter møte med president Xi – nordmenn får visumfrihet
-
Vil Støre våge å ta opp religiøs forfølgelse i Kina?
-
Støre i Den forbudte by: – Vi kommer ingen vei uten å få Kina med
-
Kina lover mer lån til gjeldstyngede Afrika - på kommersielle vilkår
-
Jeg tåkelegger ikke Hongkong-protestene
-
Verdensbanken: Slik kan over 100 land bli høyinntektsland