Noreg må ta ei meir offensiv rolle internasjonalt. Meir og betre skattesamarbeid på tvers av land vil bidra til meir pengar til fattigdomsbekjemping, meiner artikkelforfattaren.

Meiningar:

Mellom regjeringa si Afrika-strategi og praksis er det eit gap

Noreg si røysting om skatt i FN burde vere meir i tråd med regjeringa sine ferske ambisjonar for betre samarbeid med afrikanske land.

Dette er eit debattinnlegg. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.

Nyleg kom regjeringa sin ferske Afrika-strategi. Her var det mange gode og kloke punkt til korleis Noreg skal samarbeide med Afrika framover. Regjeringa vil fremje multilateralt samarbeid med afrikanske land, særleg i FN. Regjeringa vil også styrke innsatsen mot økonomiske forskjellar, skatteflukt og korrupsjon.

Skal ein følgje norsk utanriks- og utviklingspolitikk, er det ofte nyttig å følgje med på strategiar, planar og regjeringsplattformer. Men det viktigaste er sjølvsagt praksis – kva norsk utanriksteneste gjer, prioriterer i budsjetta og stemmer i internasjonale organisasjonar. 

Dei to tinga heng ikkje alltid saman. Og akkurat her har det vore eit pussig sprik mellom strategi og praksis gjennom to hendingar i det siste: røystinga rundt FNs skattekonvensjon i New York og framlegginga av regjeringa sin nye Afrika-strategi få dagar etter.

Den norske passiviteten har fått kritikk, både frå sivilsamfunnsorganisasjonar og afrikanske land.

Korleis førebyggje skatteflukt?

La oss ta det som skjedde i New York. Der har det vore forhandlingar i FN om eit viktig tema for fordeling – skatt. For fyrste gong diskuterer no FN å lage eit større samarbeid om å førebyggje skatteflukt og snu konkurransen om lågast mogleg skattar.

Å få til meir inkluderande samarbeid på skatt har vore eit uttalt ynskje frå afrikanske land lenge. I 2015 leia Thabo Mbeki, tidlegare president i Sør-Afrika, eit panel for Den afrikanske union som såg på ulovlege pengestraumar frå Afrika. 

Eit sentralt råd frå dei var å etablere eit meir inkluderande samarbeid om skatt mellom land. Det vil FN-prosessen kunne bidra med, i motsetning til dei parallelle skattediskusjonane som pågår i OECD om dagen, der berre verdas rikaste land får setje agendaen. Resten av landa, inkludert dei afrikanske, må stå på gangen.

Skattekonkurransen har bidratt til at rike nordmenn flyttar til lågskatteland som Sveits, men også til at mange låginntektsland i dag manglar pengar til å finansiere heilt grunnleggande velferdstenester. Forhandlingsblokka for afrikanske land i FN (Afrika-gruppa) har vore i førarsetet for å gjere noko med desse problema, og for å løyse dei i fellesskap mellom alle land.

Det har vore tre avstemmingar om dette i FN. Fyrste gong, i 2022, stemte Noreg for. Men i dei neste rundane, hausten 2023, og no førre veke, valde vi å ikkje røyste. Siste gongen var det 110 land som var for, og forslaget fekk fleirtal. Noreg var blant dei 44 som ikkje stemte. Den norske passiviteten har fått kritikk, både frå sivilsamfunnsorganisasjonar og afrikanske land.

Meir pengar til velferd og utvikling

I Hurdalsplattforma løftar regjeringa kampen mot økonomiske forskjellar som ein av seks hovudprioritetar i utviklingspolitikken. Her er det offensive formuleringar om at Noreg vil ta ei leiande rolle internasjonalt på skatteområdet. Også internasjonalt har Noreg snakka varmt om globalt skattesamarbeid, no seinast ved G20-møtet i Brasil i april.

Ei positiv utvikling i sist runde var at EU gjekk frå å røyste mot, til å ikkje røyste. Men ingen av landa som valte å ikkje røyste kan bli sett på som spydspissar i dette arbeidet. Heller ikkje Noreg.

Det er synd, for ved å støtte opp om ein skattekonvensjon i FN kunne Noreg ha følgt opp på akkurat dei måla regjeringa har skissert i eiga regjeringsplattform og Afrika-strategi. På skatt er det i FN mogleg å finne felles løysingar i ei polarisert verd. Her kan vi styrke multilateralt samarbeid der alle kan vere med, og med det styrke demokratisk deltaking og representasjon. Og ikkje minst kan vi redusere økonomisk ulikskap. 

Meir og betre skattesamarbeid på tvers av land vil bidra til meir pengar til velferd og utvikling i alle land. Det bør vere ei gåvepakke for alle som er opptekne av bistand, omfordeling og utviklingspolitikk.

Regjeringa har sett opp mange gode mål for å redusere økonomiske forskjellar og samarbeide meir med Afrika. Men for at dei skal bli ein realitet, bør Noreg gjere ei offensiv vending i internasjonal skattepolitikk.

Powered by Labrador CMS