Skuleåret starta i år utan lovnader om at jenter skulle få kome tilbake på skulen, skriv Arne Strand. Her er afghanske born på ein friluft-skule som vert driven av ein student i Kabul, 29. mars i år.

Kommentar:

Forstår ikkje Taliban sitt eiga beste?

Det nye skuleåret starta nyleg utan noko lovnader om at jenter skulle få kome tilbake på skulen. Dette forverrar eit alt anstrengt forhold til det internasjonale samfunnet og eiga befolkning, og møter unison kritikk frå muslimske land. Ei reversering av vedtaka kunne opna for meir samarbeid og bistand til Afghanistan, så kvifor skjer det ikkje?

Dette er ein kommentar. Meningar i teksten er skribenten sine eigne.

Sidan Taliban kom til makta i Afghanistan i august 2021, har innskrenkingane av jenter og kvinner sine rettar kome i takt med at Taliban-leiar Amir Haibatullah sentraliserte og styrka sin kontroll.

Rett etter at dei inntok Kabul, lova dei at kvinner og jenter skulla ha lik rett til utdanning og jobb, det var berre eit mellombels stogg i utdanning for jenter frå 7. til 12. klasse.

Det forbodet vart forlenga, kvinner vart påboden mannleg følgje ved lengre reiser, arbeidsplassar skulle segregerast og i desember 2022 kom forbodet som hindra kvinner frå å ta utdanning på universitet og å arbeide i frivillige organisasjonar.

Med støtte frå ei mindre krets med konservativ religiøs bakgrunn sentraliserte Amir Haibatullah makta til byen Kandahar sørvest i Afghanistan. Dei som argumenterte for ein meir liberal politikk, vart satt til side og fekk mindre innflytelse. Noko av innskjerpingane overfor jenter og kvinner er derfor truleg Amiren sin måte å manifestere sin autoritet innan Taliban, men han nyttar seg av argument som det er ei viss forståing for utanfor Taliban. Verken eksternt press, sanksjonar eller reiseforbod mot Taliban-leiarar har så langt endra politikken deira.

Det er difor interessant at Taliban gjer unntak for at kvinner utdannar seg for og jobbar i helsesektoren, og kvinnelege lærarar – oppgåver som fordrar direkte kontakt med jenter og kvinner. Dei har også respektert at afghanske kvinner kan arbeide i FN-organisasjonar, og oppmodar kvinner til å starte og drive privat verksemd og handel.

Reaksjonar og mottiltak

Dei avgrensa rettane til jenter og kvinner har møtt stor motstand i Afghanistan, også innan Taliban. Sentrale Taliban-ministrar har gjentatte gonger offentleg markert sin motstand mot politikken, afghanske kvinneorganisasjonar og menn demonstrerar, stammeleiarar protesterar og i mange provinsar motarbeidar Taliban-administratorar aktivt påboda.

FN-organisasjonar, Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC), ikkje-statelege organisasjonar og naboland fordømmer Taliban-regjeringa sin restriktive politikk – mange omtalar det som «kjønnsapartheid». FN og deira spesialutsending for menneskerettar føl utviklinga nøye, og OIC sine delegasjonar har utfordre Taliban sine forbod utifrå Islam.

Det ein veit, er at megafon-diplomatiet ikkje har fungert og at endring kan ta tid.

Arne Strand

Kjønnsdiskrimineringa er ein viktig årsak til vidareføring av sanksjonane mot Taliban-regjeringa og at all vestleg bistand vert kanalisert utanom dei.

Nokon observatørar har spekulert i om Taliban-leiinga prøvar å kjøpe seg tid for å kunne einast om ein politikk med breiare intern oppslutning, kanskje ved å inkludere meir religion i pensumsplanane. Andre trur det er eit forsøk frå Taliban for å få internasjonale donorar til å ta større deler av kostnader til skulebygging, transport og lærarlønningar. Her har EU og seinast Qatar kombinert krav om lik rett til utdanning med signal om mogeleg støtte – om politikk vert endra. Begge deler kan vere rett.

Det viktigaste spørsmålet gjenstår: Kvifor har krav om endring så langt medført strengare restriksjonar? Kvifor har ikkje Taliban, eller rettare sagt Amir Haibatullah, endra sin politikk når det kunne forbetre Afghanistan sin relasjon med den vestlege og islamske verda, dempe intern kritikk og motstand, og sikre inntekter til ein stat som slit økonomisk?

Les også: Kjent utdanningsaktivist arrestert i Kabul

Taliban logikk og frykt

Det overordna argumentet frå Taliban-leiinga er at dei er sigerherren som ikkje treng å rette seg etter krav frå eit militært overvunne vestlege samfunn. Kort sagt: Ikkje kom her og fortel oss korleis me skal styre landet vårt. Taliban har ikkje slåst alle desse åra for å innrette seg etter internasjonale normer og krav dei meiner strid med deira versjon av islam og afghansk tradisjon og kultur. Spesielt ikkje når det gjeld kvinner sine rettar og rolle i samfunnet.

Her spelar dei på tidlegare religiøs og nasjonalistisk mobilisering mot eksternt påtvinga endring, som det styresett Sovjetunionen prøvde å innføre på 1980-talet.

Det ligg og ei frykt i deler av Taliban-leiinga for at dei kan miste støtte hjå viktige støttespelarar om dei fråvik den visjon for det islamske emiratet dei mobiliserte til krig for. Det gjeld hjå eigne fotsoldatar, ofte med minimal eller berre religiøs utdanning, som kan søkje seg til meir radikale grupper som Den islamske staten. Men det gjeld også religiøse og tradisjonelle leiarar som støtta Taliban si krigføring mot Nato, og det gjeld dei mange landsby mullaene som har fått auka makt og innflytelse i eit Taliban-styrt land.

Utdanning og kvinners samfunnsrolle

Utdanning og kvinner sin rolle i samfunnet har vore eit historisk stridstema i Afghanistan, og derfor eit sensitivt tema for Taliban og det sterkt mannsdominerte samfunnet dei har si forankring i. Her høyrer ein argument om at kvinner sin rolle bør avgrensast til heimen og familien, dei skal vernast mot mogelege overgrep og freistingar. Ei grunnutdanning er ifølge dei nok for å ivareta den rolla, og jenter må skiljast frå gutar når dei kjem til puberteten.

Ei undersøking gjennomført av Verdsbanken i 2021 syner kor sterkt dette synet framleis står i mange områda av Afghanistan. I sørvestlege delar av landet, der Kandahar ligg, fekk berre fem prosent av jentene i utdanning utover 6. klasse. I den vestlege og austlege delen av landet varierer det frå 8 til 13 prosent. Dette er også områda der Taliban står sterkast. Unntaka er sentrale og deler av nordlege Afghanistan der det er oppi 29 prosent jenter i dei høgare klassane, og der det også er flest jenter i grunnskulen.

Her er det også ei nyttig påminning at 20 år med omfattande utdanningsstøtte har gitt langt dårlegare utteljing enn forventa, spesielt på landsbygda, der 75 prosent av befolkninga bur. Ein Unesco-rapport frå 2021 dokumentarar at 80 prosent av afghanske kvinner og 51 prosent menn framleis ikkje kunne lese og skrive.

Like alarmerande er at ein Verdsbank-rapport frå 2022 påpeikar at 93 prosent av afghanske born i øvre grunnskule har «læringsfattigdom». I ein alder av ti år kan dei ikkje lese eller forstå ein enkel tekst.

Når Amir Haibatullah har plassert seg i det mest konservative området av Afghanistan, så isolerer og vernar han seg mot den modernisering og utviklinga resten av landet, og spesielt byane, har vore gjennom dei siste 20 åra.

Les også: Hun taler Taliban midt imot – men er redd verden ikke lytter

Islam som argument

Same om amiren spelar på negative haldingar til meir likeverd og likestilling, er det ei større utfordring for Taliban-leiinga at dei manglar grunnlag i islam til å hindre jenter og kvinner å ta utdanning og arbeide. Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC) og mange islamske skriftlærde stiller spørsmål ved Taliban si fortolking. Det offisielle svaret frå Taliban er at tiltaka er midlertidige, dei vil ta seg tid for å kunne tilby ei utdanning for jenter som respektera tradisjon og kulturell praksis.

Samstundes er opposisjonen innan Taliban-leiinga klar over at den restriktive politikken har ein stor kostnad for regimet, og ikkje minst for afghanske jenter og kvinner. Dei søkjer vegar for å endre politikk, men vil unngå å ta ein konfrontasjon dei fryktar kan splitte Taliban-regjeringa eller redusere eiga innflytelse. I fleire område justerer dei seg etter lokale krav og praksis, dei let jenter få utdanning utover 6. klasse og «overser» at kvinner held fram med å arbeide i NGO-ar.

I mangel av haldbare religiøse argument vert vedtak om endring utsett for å unngå større intern splitting, og eit mogeleg svekking av amiren sin autoritet. Det er kanskje også årsaka til at han konsekvent har nekta å møte delegasjonar frå islamske land og organisasjonar som ønskje å diskutere grunnlaget for den restriktive linja.

Strategi for endring

Amir Haibatullah argumenterer og handlar utifrå det han ser som Taliban og sitt eige beste for å oppretthalde makt. For kretsen rundt ham er den lokale støtta viktigare enn den internasjonale kritikken og utfrysinga, det siste har berre medført skjerpingar i kontrollen over jenter og kvinner sine liv.

Det gjer det vanskeleg for dei i Taliban som meiner at å betre jenter og kvinner sine rettar er bra for både dei og Taliban, og at landet treng meir enn religiøs kunnskap for å utvikle seg.

Utfordringa for det internasjonal samfunnet er å føre dialogen med dei som ønskje endring utan å underminere deira posisjon i den delen av befolkninga som er skeptiske til endringar. Den vanskeleg oppgåva er å balansere sanksjonar, ordbruk og opning for ekstern støtte på ein måte som kan skape positiv endring og unngå fleire innskjerpingar. Det ein veit, er at megafon-diplomatiet ikkje har fungert og at endring kan ta tid, alternativet er nok meir lågmælt dialog, kanskje leda av muslimske skriftlærde og respekterte afghanarar.

Powered by Labrador CMS