Meiningar:
Diplomatisk smekk mot Taliban
Taliban har stengt ned helseutdanningar for kvinner, og Noreg har svart med å nedgradere det diplomatiske forholdet til Afghanistan. Det skaper nye utfordringar med å balansere diplomatiske verkemiddel, sikring av kvinner sine rettar og afghanarane sin tilgang til sterkt etterspurd støtte.
Dette er ein kronikk. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.
Taliban sin helseminister gav inga forklaring då han 2. desember informerte om ei midlertidig nedstenging av helsefagskular for kvinner. Han viste berre til at vedtaket var fatta av Taliban-leiar emir Akhundzada.
Dette hindrar jordmorutdanning som Afghanistankomiteen har drive i mange år, og som har vore eit viktig bidrag til å styrke kvinnehelse og redusere mødre- og barnedødstal.
Dermed bryt Taliban ei ny grense, slik utdanning var akseptert og tillat sist Taliban styrte Afghanistan. Det skaper igjen usikkerheit om mogelege nye avgrensingar på kvinners rettar og frivillige organisasjonar sitt handlingsrom og arbeidsforhold.
Noreg sitt svar og internasjonale rettsprosessar
Dette forbodet kjem på toppen av tidlegare avgrensingar av jenters rett til høgare utdanning og innføring av ei restriktiv morallov tidlegare i år.
Det medførte ei nedgradering av Noreg sitt diplomatiske forhold til Afghanistan og Taliban-administrasjonen, men gav òg eit klart signal om at ei viktig grense var kryssa.
Dette har fått internasjonal merksemd, grunna Noreg si vektlegging av diplomatisk kontakt og oppmoding frå dialogorienterte afghanarar om å gjenopne ambassaden i Kabul.
Det har vorte lagt merke til at Noreg ikkje slutta seg til dei landa som tidlegare i haust fremma sak mot Taliban-administrasjonen i Den internasjonale domstolen (ICJ) for mogeleg brot på FN-konvensjonen om avskaffing av alle formar for diskriminering mot kvinner. Det er òg varsla mogeleg sak mot enkelte Taliban-medlemmer i Den internasjonale straffedomstolen (ICC) for mogelege krigsbrotsverk.
Stormaktspel og posisjonering
Kina og Russland sluttar seg ikkje til desse rettsprosessane, som uansett kan ta lang tid å avklare. Kina sin spesialutsending til Afghanistan talar heller for å anerkjenne Taliban-administrasjonen og har auka den diplomatiske aktiviteten i regionen.
Det er mogeleg at dette er ei posisjonering i forkant av presidentskifte i USA, og eit forsøk på å sikre sine eigne interesser i regionen. Dei har nok òg merka seg innkomande president Trump sin tidlegare motstand og avvising av Den internasjonale straffedomstolen.
Saman med auka diplomatisk kontakt og handel med Iran, India og dei sentralasiatiske republikkane, kan Taliban-leiinga vurdere seg som mindre sårbar for vestleg press og sanksjonar.
Taliban sin eineveldige leiar
Dei siste avgrensingane av kvinner sine rettar kjem etter vedtak eller forordningar frå Taliban-leiar emir Haibatullah.
Han har sidan Taliban si maktovertaking auka sin kontroll og maktmonopolisering, og tilsvarande redusert ministrane og den Kabul-baserte regjeringa sin innverknad.
Haibatullah har høgare religiøs status enn tidlegare Taliban-leiarar og forheld seg til ei mindre gruppe konservative religiøse rådgjevarar, i staden for breiare konsultasjonar som kunne ha sikra meir samlande vedtak.
Mange i Taliban-leiinga er usamde med emiren, spesielt om restriksjonane innført på jenter si høgare utdanning og kvinners høve til arbeid. Noko av denne kritikken har òg blitt offentleg framført. Det som har fått mest merksemd er innanriksminister Sirajuddin Haqqani sitt intervju med New York Times, men også andre sentrale og lokale leiarar markerer si usemje om enn mindre offentleg.
Afghanarar som har vorte konsulterte om dei siste restriksjonane på helseutdanninga, fryktar at emiren sine få, men innflytelsesrike konservative rådgjevarar nyttar morallova, og antydningar om mogeleg usømeleg kontakt mellom kvinner og menn, som argument for forbodet. Om det er tilfelle, kan det bli vanskeleg å reversere.
Det er òg frykt for at auka vestleg press og rettsprosessar kan styrke emir Haibatullah sin posisjon internt. Han kan ha nytta dette til å argumentere for økonomisk sjølvstende og avgrensing av rolla til og finansieringa gjennom vestlege frivillige organisasjonar. Her kan han fort trekkje på ofte nytta russisk argumentasjon.
Ei slik meir restriktiv linje vil kunne møte motstand frå dei i Taliban-leiinga som verdset kontaktar og ser trong for støtte, og ikkje minst mellom dei mange afghanarane som treng humanitær støtte gjennom vinteren.
Balansegang mellom rettar og støtte
Dette er derfor ein vanskeleg og stadig meir tilspissa og internasjonalisert konflikt å manøvrere i, med store konsekvensar for ei stadig meir sårbar befolkning.
Det norske vedtaket balanserer ei kraftig markering mot dei stadige avgrensingane av kvinners rettar med vektlegging av at kontakten og dialogen må vidareførast – berre ikkje på ambassadørnivå.
Frykta er at ein meir eigenrådig emir ikkje verdset denne invitasjonen, og at land som kan ha innverknad, ikkje set menneskelege og kvinners rettar spesielt høgt på si prioriteringsliste.
Håpet er likevel at ein slik mangel på fornuft medfører indre protestar i Taliban, når det går opp for leiarar og fotsoldatar at mangel på kvinnelege helsearbeidarar og jordmødrer vil ramme kvar enkelt sin familie. Det kan vere meir kraftfullt enn eksternt press.
Les meir:
-
Her utdannes afghanske kvinner til jordmødre. Nå er alle sendt hjem
-
Nedgraderer forholdet til Afghanistan – ingen ny Talibanambassadør til Oslo
-
Antall kvinnelige journalister mer enn halvert under Taliban
-
Støtte til afghanske kvinner krever dialog, ikke bare fordømmelse
-
Når øyeblikk av lykke blir opprør
-
Gjelder norsk støtte til folkeretten også afghanske kvinner?
-
EU-domstolen: Alle kvinner fra Afghanistan har rett til asyl
-
Pressen knebles i Taliban-styrte Afghanistan