
Meiningar:
Rikdom + dramatikk = norsk utanriksjournalistikk
I dag har me journalistar mange teknologiske verktøy for å dekke kva som skjer i verda. Likevel er utanriksdekninga i Norge dårlegare enn for over 100 år sidan. Rikdommen i eit land har mykje å seie for om me dekkjer krig eller svolt – diverre.
Dette er eit debattinnlegg. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.
7. oktober 2022 sto eg utanfor Ibrahimi-moskeen i Hebron på Vestbreidda for å dokumentere kor mange palestinarar som vart nekta høve for å be av israelske soldatar. Formålet med opphaldet mitt var å dokumentere dette for resten av verda på vegner av EAPPI.
Folkeretten blei brote kvar dag. Arresterte barn, busettarvald, diskriminering basert på etnisitet og religion, og døde tenåringar var kvardagen min i tre månadar. Hendingar som bør skape overskrifter i trygge nasjonar, men det skjer ikkje.
Endringa i korleis eg lærte å leve med valden var skremmande å sjå: Den første månaden var eg i sjokk over omfanget. Den andre månaden blei eg sint over at verda ikkje greip inn. Den tredje månaden blei eg nomen; normalen var vald.
Å komme heim til eit naivt og trygt Norge etter å ha budd i eit konfliktområde var ein vanskeleg overgang. Folk lytta høfleg på historiene om brot på menneskerettar og misbruk av militærmakt. Men det var jo ingenting å gjere med det. Det er ikkje vår kvardag. Det gjeld ikkje oss med reint drikkevatn, forbod mot diskriminering og gode velferdsordningar.
Norske aviser har aldri vore like gode på å dekke utlandet som i 1890–1930. Dette fann Anne Hege Simonsen i ei undersøking av norsk pressehistorie frå 2006. Me var altså flinkare til å skrive om internasjonale nyhende før tv-en, mobilen og internettet.
Digital blindsone
Mi eiga kjensle av å vere nomen spegla den norske naiviteten i korleis me forstår verda. Inntrykket vårt er at teknologi og sosiale medium har auka globaliseringa. Me chattar med framande i India, finn videoar frå skyteepisodar i sanntid i Nord-Amerika, ser bilete av krig i Midtausten, blar forbi Tik-Tok-videoar av skogbrannar i Australia og streamer dokumentarar om isbjørnar som druknar på Nordpolen.
La det bli sagt: Å bli eksponert er ikkje det same som å forstå.
Om me sett likskapsteikn mellom globalisering og eksponering, overvurderer me evna til å sjå forbi eigne blindsoner.
Norske aviser har aldri vore like gode på å dekke utlandet som i 1890–1930. Dette fann Anne Hege Simonsen i ei undersøking av norsk pressehistorie frå 2006. Me var altså flinkare til å skrive om internasjonale nyhende før tv-en, mobilen og internettet. Kvifor har me ikkje meir utanriksstoff i nyhenda viss me har føresetnadane for å gjere det?
Før jula 2024 besøkte Jan Egeland Sudan som lid av akutt matmangel. 24 millionar sudanarar risikerer å svelte i hel. Generalsekretæren i Flyktninghjelpen er frustrert over kor lite hjelp vestlege land mobiliserer når kriser råkar fattige land. Me engasjerer oss ikkje nok, meiner han. Kanskje me berre klarer eit visst tal kriser av gangen?
I 2022 braut krigen ut i Ukraina. I 2023 starta det Amnesty International meiner er eit folkemord i Gaza. I 2024 blei Trump vald til president i USA. Dette kallast informasjonsparadokset. Jo meir info, jo mindre konsumerer me. Egeland meiner at korkje media eller politikarane forstår alvoret i Sudan. Og han har rett.
Sakene pressa skriv, formar indirekte korleis me forstår verda. Samstundes er faget i konstant utvikling. Då er det vanskeleg å finne éin definisjon av kva journalistar gjer. Å avdekke urett i samfunnet er noko fleirtalet norske journalistar meiner me skal gjere.
Land som hamnar langt nede på Reporters Without Borders si liste over pressefridom, som Sudan, blir tvinga bort frå den grunnleggande rolla me journalistar har i å avdekke korrupsjon og lovbrot.
Å spisse saker, vektlegge enkelthendingar og vinkle på konfliktar er sjølve verktøykassa i yrket. Vår raison d'être. Me skriv om det me trur du gidd å lese.
Ei handfull land i nyhenda
Det digitale verktøyet Gapminder viser dyster statistikk: Sudan ligg på absolutt botn av alle land kva gjeld bruttonasjonalprodukt (BNP), venta levealder, CO₂-utslepp, lønn per dag og spedbarnsdødelegheit. Dette er parametrar som fortel kor godt det står til i eit land. Egeland overdriv ikkje når han kallar sveltekatastrofen verdas største humanitære drama.
«Men me har det ikkje slik. Ting er annleis i utviklingsland.»
Allereie her, i skiljet mellom oss og dei, må me stoppe opp. Kven er «dei»? Er verda delt inn i godt-og-trygt-i-Vesten, og korrupte utviklingsland? Kor går skiljet?
La oss gi nyhendejegeren ein konflikt å tygge på: Forskaren Segev Elad frå Universitetet i Tel Aviv fann ut i 2019 at BNP har ein klar samanheng med kva for land som blir dekka i internasjonale nyhende.
Jo rikare landet er, jo større sjanse er det for at det kjem i nyhenda. Ei lita handfull land ligg i det absolutt rikaste sjiktet. Fleirtalet land ligg cirka på midten, om me ser føre oss alle land i ei rekke.
I klartekst tyder det at dei fleste landa i verda får skeiv dekning i pressa. Me ser på eit fattig Sudan som altfor uviktig for oss å dekke. Ei lita gruppe land med i-landsproblem får altså mykje større plass i media enn fleirtalet land som finst i verda.
Ein artikkel frå 1965 frå Institutt for fredsforsking fann at jo nærare geografisk og kulturelt eit land ligg, jo høgare er sjansen for at pressa dekkjer det. Sjølv hungersnauda i Sudan krev ekstra dramatikk for å hamne i nyhenda. Det einaste som kanskje hadde «redda» dekninga, kunne vere om ein nordmann i Sudan svelta i hel. Nordmenn elskar å lese om nordmenn ute i verda.
Tunnelsyn i utanriksdekninga
Me korkje kan eller bør dekke alle land til alle tider. Konsekvensen blir likevel at me blir verande uvitande i dei høva der nyhende er den viktigaste kjelda til informasjon om det globale verdssamfunnet me er ein del av.
Den svenske forskaren Hans Rosling laga ei liste over ti perspektiv me kan ha om verda. Eitt av perspektiva er «forverringsprinsippet». Forverringsprinsippet viser seg ved at me biologisk er innstilt på å fortare merke oss det som er dårleg enn det som er godt. At journalistikk kviler på å skrive om konflikt og problem, burde vere eit argument for å skrive om hungersnauden i Sudan.
I tråd med det norske navleskodande blikket treng me å rette ein finger mot oss sjølve: Me har det så godt at me ikkje orkar å vende blikket utover mot «dei andre».
Norge er ein sjølvproklamert fredsnasjon. Applaus til oss og klapp på skuldra. Men me er dårlege på å oppsøke info om verda.
At Ola og Kari Nordmann difor ikkje får med seg hungersnauden i Sudan, heng saman med systemlogikken til media om å balansere appell til publikum opp mot relevant informasjon.
Å spisse saker, vektlegge enkelthendingar og vinkle på konfliktar er sjølve verktøykassa i yrket. Vår raison d'être. Me skriv om det me trur du gidd å lese.
Les meir om Sudan og Palestina:
-
Ble holdt fanget av RSF-soldater i åtte dager. Nå bærer hun barnet til en av dem
-
Flere hundre drept i angrep mot landsbyer sør i Sudan
-
Gjenoppbygging av Gaza kan koste 600 milliarder kroner
-
Flyktninghjelpen stanser nødhjelpsarbeid i nesten 20 land
-
Elizabeth krysset grensen for fire timer siden – nå er sønnen født til et liv i usikkerhet
-
Gravide og fødende har hatt ekstremt vanskelige forhold i Gaza
-
Norge gir 275 millioner kroner til UNRWA
-
Kan Trump stoppe krigen i Sudan?