Den store flyktningleiren for sørsudanarar, Bidi Bidi, i Nord-Uganda.

Mengingar:

Ingen blir best i klassen utan støtte

Det gode flyktningarbeidet i Uganda er trua av manglande internasjonal støtte. Medan talet på kriser aukar i verda, klarer ikkje finansieringa å halde følgje. Eit FN-system som vi har kunna stole på, er i ferd med å rakne. Når Global Refugee Forum startar den 13. desember, håpar eg Noreg bidreg til å snu utviklinga og tek sin del av ansvaret for ein berekraftig global flyktningrespons.

Dette er eit debattinnlegg. Meiningar i teksten er skribenten sine egne.

Flyktningresponsen i Uganda er ein av verdas mest omfattande. Med 1,5 millionar flyktningar, er landet største flyktningmottakar i Afrika.

Medan størsteparten av flyktningane kjem frå Sør-Sudan og DR Kongo, gjer også krigen i Sudan og vedvarande kriser i Somalia, Eritrea og Etiopia at flyktningar finn vegen til Uganda. Berre i 2023 har det kome over 90 000 nye flyktningar.

Samtidig ser vi at flyktningresponsen er langt frå perfekt. Nilsen, Viga, Serwajja og Refstie frå NTNU og Makerere University har i Panorama kritisert mykje av flyktningpolitikken i Uganda.

At flyktningresponsen i Uganda er underfinansiert, er uttalt både av myndigheitene i Uganda, Verdas matvareprogram (WFP), FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR), samt lokale og internasjonale organisasjonar som jobbar med tematikken.

Sidan juli 2023 har WFP kutta ytterlegare i støtta til Uganda. Flyktningane vart inndelt i kategoriar etter kor sårbare dei er. Tilnærminga vart teke imot med blanda kjensler og debatten gjekk, også blant flyktningane sjølv. Fleire flyktningar tok risikoen og reiste heim att.

Å vere flyktning er ikkje å vere i paradis, men derimot er det hardt arbeid i ei tid kor verdas fokus er på andre kriser. Men med støtte er det mogleg å lukkast.

Det første forumet i 2019 resulterte i eit fjell av løfter, og mange desse er framleis ikkje adresserte. I tillegg var løfta til mange av givarlanda gjentakingar av allereie eksisterande tiltak.

Global verktøykasse for flyktningrespons 

Denne veka arrangerer verdssamfunnet Global Refugee Forum for andre gang i historia.

Der skal deltakarene finne løysingar på korleis vi skal nå dei fire hovudmåla i FNs oppskriftsbok for beskyttelse av flyktningar, støtte til vertsland og delt internasjonalt ansvar. Måla handlar om å lette på presset for vertsland, styrke evna flyktningane har til å hjelpe seg sjølve, auke tredjelandsløysingar og å støtte opphavslanda slik at flyktningar kan returnere trygt.

Oppskriftsboka – Global Compact on Refugees – blei einstemmig vedteke i 2016, som del av New York-deklarasjonen for flyktningar og migrantar. Det er unikt og forpliktar alle FNs medlemsland.

Det første forumet i 2019 resulterte i eit fjell av løfter, og mange desse er framleis ikkje adresserte. I tillegg var løfta til mange av givarlanda gjentakingar av allereie eksisterande tiltak.

No som forumet arrangerast igjen håpar vi verdssamfunnet utnyttar potensialet vi har til å styrke den globale flyktningresponsen, og gjer den meir berekraftig. Men dette krev reelle forpliktingar – både frå myndigheiter, sivilt samfunn og privat sektor.

Med stadig nye, og pågåande kriser som det ikkje blir teke initiativ til å løyse, ser oppgåva ut til å bli enorm. Vi er difor spente på kva forumet forpliktar seg til i sluttdokumentet. Internasjonale løfter og tilsegn vil avgjere kor solid verktøykassa for flyktningresponsen dei kommande åra vil vere.

Forumet finn stad i Genève med UNHCR og Sveits som vertar. Seks land er med-innkallarar, deriblant Uganda.

Forumet er eit godt høve til å vise at Norge lever opp til ryktet som et påliteleg og raust givarland. Den norske regjeringa må prioritere forumet på høgste moglege politiske nivå, mobilisere ressursar og forplikte seg til å støtte internasjonal flyktningrespons med langsiktig, stabil og fleksibel støtte.

Berekraftige løysingar fordrar heilskapleg innsats, basert på behova til flyktningane og med menneskeverdet i sentrum.

Felles innsats er nøkkelen

Uganda klarer ikkje jobben åleine, og det har heller aldri vore planen. 

På Global Refugee Forum har det internasjonale samfunnet, og særleg Noreg, moglegheita til å sikre landet den støtta som trengst for å kunne gje flyktningane dei verktøya dei treng for å bli uavhengige og matsikre.

Vi forventar også, at Noreg i sin unike posisjon, tek leiarskap i dette. Difor må Norge oppretthalde forpliktingane i Grand Bargain, og minst 25 prosent av støtta må gå til lokale aktørar og sivilt samfunn.

For Uganda vil dette være avgjerande for å kunne fortsette å ta imot og tilby flyktningar utdanning, arbeid, helsetenester og moglegheita til å leve trygge liv.

Sunniva Kvamsdal Sveen

Jeg er debattjournalist i Panorama. Send meg gjerne en e-post med innlegg, svarinnlegg eller spørsmål.

Powered by Labrador CMS