Leiar i Changemaker

Ingrid Aas Borge (25) frå Trondheim vart i helga vald til ny leiar i Changemaker.

Som innstilt av fleirtalet i nominasjonskomiteen, fekk ho større støtte enn motkandidaten til leiarvervet frå dei over 60 delegatane under ungdomsorganisasjonens årssamling på Toten i helga.

- Eg er glad for tilliten, og gler meg veldig til å få leie denne herlege gjengen med kreative og kunnskapsrike ungdommar som brenn for å forandre verda, seier Aas Borge.

Det siste året har Ingrid vore nestleiar i Changemaker, etter å ha hatt mange ulike verv i organisasjonen dei siste fem åra. Ho har elles ein bachelor i Afrikanske studiar og sosialantropologi, og vore eit semester i Tanzania gjennom utvekslingsprogrammet til Kirkens Nødhjelp.

I juni tek Aas Borge over roret, og då sparkar Changemaker i gang ein stor kampanje for å forandre den etiske forvaltinga til Statens Pensjonsfond Utland (oljefondet).

Powered by Labrador CMS