Asbjørn Eidhammer er ny styreleiar i Utviklingsfondet
Asbjørn Eidhammer tok over styreleiarvervet i Utviklingsfondet i desember 2023.
– Eg har sett Utviklingsfondet sitt arbeid på bakken og er imponert over resultata for små bønder, ikkje minst kvinner. Å dyrke mat blir endå viktigare framover enn det har vore nokon gong før, seier Asbjørn Eidhammer.
Eidhammer er statsvitar, diplomat og aktivist. Han har brukt det meste av arbeidslivet sitt i Utanriksdepartementet, der han særleg har arbeidd med FN-saker.
Han har òg vore evalueringsdirektør i Norad, og har arbeidd i Eswatini, Botswana og Malawi, der han var ambassadør i det sistnemnde landet.
Eidhammer har i tillegg vore leiar i Fellesrådet for det sørlege Afrika i tre år og leiar for program- og forskingsrådet ved Nordiska Afrikainstitutet i Uppsala. Han har gitt ut bøkene Afrikas tid (2012) og Malawi: A Place Apart (2017).
– Eg ser fram til å bli betre kjend med dei fine medarbeidarane i Utviklingsfondet, seier han.