
Skarp kritikk mot WWF for manglande fokus på menneskerettar
WWF svikta i arbeidet for å motarbeide overgrep mot lokalbefolkning og urbefolkning i samband med vakthald av verneområde og nasjonalparkar.
Naturvernorganisasjonen WWF er framleis prega av «ein alvorleg mangel på ekspertise og kapasitet til å overvake og sikre etterleving av sosiale retningslinjer» - for eksempel menneskerettar.
Det er konklusjonen i ein uavhengig granskingsrapport som WWF sjølv har bestilt.
Viltvakter
WWF finansierer og støttar væpna økovakter eller viltvakter i fleire land. Vakthaldet av verneområde og nasjonalparkar skal mellom anna hindre krypskyting. Vaktene er typisk tilsette av myndigheitene i dei aktuelle landa.
WWF si involvering kjem i ulike former, frå finansiering av løn til opplæring, logistikk, utstyr og teknisk støtte.
Dei siste åra har WWF blitt kopla til skuldingar om at slike vakter har stått bak overgrep og brot på menneskerettane. Skuldingane inkluderer tilfelle av drap, valdtekt, tortur og fysisk vald, ifølge den uavhengige granskingsrapporten Embedding human rights in nature conservation: from intent to action.
Vakthaldet har også blitt kritisert for å hindre urfolk i å få tilgang til område dei er avhengige av, og som dei har rett til å bruke.
- Blei rysta
I fjor blei det auka fokus på problemet etter at nyheitsorganisasjonen BuzzFeed omtalte overgrep i seks ulike land. Skuldingane var knytta til forvaltinga av nasjonalparkar i Nepal, India, Kamerun, Den Sentralafrikanske Republikk, Republikken Kongo og Den Demokratiske Republikken Kongo. Saka blei omtalt i Bistandsaktuelt her og her.
- Vi i WWF i Noreg blei forferda over skuldingane som blei lagt fram av BuzzFeed News i fjor, skriv den norske avdelinga av WWF i ei pressemelding om den nye granskingsrapporten.
Her blir det også understreka at WWF i Noreg ikkje har vore involvert i eller gitt pengar til dei omtalte prosjekta.
- Overgrepa det er meldt om er djupt tragiske for dei som er utsette for dei og deira familiar. Dei var, og er, vonde å lese om, skriv WWF i Noreg i pressemeldinga.
Fleire rapportar
Etter BuzzFeed-saka sette WWF sitt internasjonale styre ned ein uavhengig granskingskommisjon, leia av Navi Pillay, tidlegare høgkommissær for menneskerettar i FN.
Før denne rapporten kom ein annan granskingsrapport frå FN sitt utviklingsprogram UNDP om overgrep mot urfolksgruppa bakaene i regnskogen Messok Dja i Republikken Kongo. Bistandsaktuelt omtalte denne saka her.
UNDP var involvert i det aktuelle prosjektet saman med WWF, styresmaktene, ulike industriaktørar og andre organisasjonar. Konklusjonen i granskingsrapporten var at skuldingane om vald og overgrep var truverdige. Prosjektet, som hadde eit budsjett på nærmare 24 millionar amerikanske dollar, blei stoppa i mars 2019.
Granskingskommisjonen som no har levert sin rapport til WWF, har ikkje undersøkt sjølve dei kriminelle handlingane i dei seks aktuelle landa, som altså involverer mange fleire prosjekt, men har sett på WWF sin respons på varslingane om brot på menneskerettane.
- Dei har ikkje undersøkt sjølve overgrepa, då dette er kriminelle handlingar som verken WWF eller kommisjonen har juridisk myndigheit til å etterforske, skriv WWF i Noreg i pressemeldinga.
På papiret
Den overordna konklusjonen i den uavhengige rapporten er at WWF på papiret har eit effektivt rammeverk og ein plan for å implementere eigne sosiale retningslinjer. Her er det snakk om retningslinjer som bind WWF til å respektere menneskerettane, inkludert anerkjenning og vern av rettane til urbefolkning og lokalbefolkning.
WWF sine sosiale retningslinjer slår også fast at organisasjonen skal forsikre seg om at den ikkje bidreg til brot på menneskerettane.
I praksis har iverksetjinga av dei menneskerettslege forpliktingane ofte vore svak, i det minste delvis på grunn av mangel på nok ressursar og ekspertise, slår rapporten fast.
Ifølge granskinga er det nødvendig at WWF gjer meir. For eksempel har tilsette i WWF «veldig forskjellige grader medvit om og forståing av dei sosiale retningslinjene til WWF». Kontora for dei ulike programma til WWF har heller ikkje «passande ekspertise blant dei tilsette til å tilstrekkelig implementere sosiale retningslinjer».
Messok Dja
Overgrepa i Messok Dja i Republikken Kongo er eit eksempel på at heller ikkje sentrale delar av WWF har teke sitt ansvar. WWF har hatt åtte tilsette i landet, som ei forlenging av programkontoret i nabolandet Gabon. Gabon-kontoret har i sin tur vore styrt av WWF International, som fungerer som sekretariat for heile WWF-nettverket (36 uavhengige nasjonale organisasjonar) og er basert i Sveits.
I det minste sidan 2016 var WWF kjent med skuldingar om at viltvaktene i verneområda i Messok Dja braut urfolksgruppa bakaene sine menneskerettar. Skuldingane handla mellom anna om vald, dødsfall og påtente hus. Sidan 2018 har dei åtte WWF-tilsette i landet sett i verk ulike tiltak for å prøve å hindre menneskerettsbrot og ta tak i skuldingane om overgrep, men dette har skjedd «utan klar rettleiing frå WWF International eller donor-kontora».
Rapporten er tydeleg på at WWF International og dei nasjonale WWF-organisasjonane som arbeider og finansierer arbeid i Messok Dja, må støtte dei WWF-tilsette i landet på ein betre måte.
For eksempel har kommunikasjonen med lokalmiljøa vore for dårleg. WWF byrja samarbeidet med myndigheitene i Republikken Kongo allereie i 2005, for å få på plass verneområdet. Først i 2017 blei det sett i gong ein prosess med innhenting av samtykke frå samfunna som ville bli påverka. Ein tidlegare rapport frå Forest Peoples Programme konkluderte difor med at WWF sin prosess rundt innhenting av samtykke hadde fleire alvorlege og fundamentale feil.
Også den ferske granskingsrapporten slår fast at dei lokale WWF-tilsette «misforsto grunnleggande aspekt ved urfolk sine rettar og samtykkeprosessen, slik at arbeidet ikkje var i tråd med internasjonale normer for menneskerettar eller WWF sine eigne forpliktingar».
WWF får kritikk for manglande sikring av menneskerettar også i Nepal, India, Kamerun og Den demokratiske republikken Kongo.
Den demokratiske republikken Kongo
I Den demokratiske republikken Kongo har WWF jobba i Salonga National Park sidan 2005, og sidan 2015 har WWF støtta økovakter her. Allereie før organisasjonen gjekk inn med slik støtte, var den klar over potensialet for menneskerettsbrot frå økovaktene.
Risikoen blei likevel ikkje tilstrekkeleg vurdert, og det blei ikkje laga ein effektiv plan for å hindre og reagere på overgrep.
I 2016 rapporterte WWF-tilsette til sine overordna at dei hadde fått vite om skuldingar om brot på menneskerettane. Undersøkingar av skuldingane blei aldri gjennomført. Rapporten forklarer dette med frykt for motstand frå myndigheitene. «Ønsket om å unngå konflikter med myndigheitene kan ikkje unnskylde WWF frå å etterfølge sitt ansvar når det gjeld menneskerettar», slår granskingsrapporten fast.
Etter at det kom fram fleire skuldingar i 2018, blei det frå sentralt hald i WWF bestilt undersøkingar som konkluderte med «omfattande skuldingar om ekstremt alvorlege overgrep utført av økovakter og militært personell, inkludert skuldingar om fleire drap, valdtekter, tortur og fysisk vald».
Ein handlingsplan blei sett i verk i 2019, der myndigheitene mellom anna blei bedt om å implementere etiske retningslinjer for økovakter og opplæring i menneskerettar, i tillegg til prosedyrar for å undersøke skuldingar om menneskerettsbrot.
I juli 2020 var opplæringa delvis iverksatt, ingen saker hadde ført til rettsforfølging, dei etiske retningslinjene var ikkje godkjende og dei andre delane av handlingsplanen var ikkje implementerte.
«WWF har ikkje oppfylt sine menneskerettslege forpliktingar når det gjeld aktivitetar organisasjonen støttar i Salonga National Park», konkluderer granskingsrapporten.
Mellom anna må WWF gjere det klart at organisasjonen ikkje kan halde fram med å støtte økovakter utan at det kjem på plass effektive mekanismar for å overvake åtferda deira og sikre disiplinærtiltak ved brot, slår rapporten fast.
Lite fokus
WWF får kritikk for manglande innsats for å forsikre seg om at også samarbeidspartnarane forpliktar seg til menneskerettar og andre sosiale retningslinjer.
Ikkje i nokon av forståingsavtalane (memorandum of understanding) som er inngått med statlege partnarar i dei aktuelle landa, er det bestemmingar rundt statsorgana sitt ansvar når det gjeld menneskerettar eller rettane til urfolk - eller til WWF sine eigne forpliktingar til menneskerettar.
Prosjektavtalane mellom WWF-kontora i landa der brota skal ha funne stad og andre nasjonale WWF-organisasjonar som finansierte relevante prosjekt, inneheldt heller ikkje - før etter 2019 - krav om aktsemd når det gjeld menneskerettar.
Verken WWF International, WWF US eller WWF-nettverket som heilskap ga tydeleg rettleiing til programkontora om iverksetjing av WWF sine forpliktingar når det gjeld menneskerettar. Dette har kvart enkelt programkontor stått åleine med. Programkontora har heller ikkje hatt verkty for å dele erfaringar på dette området.
Sviktande oppfølging
Panelet bak granskingsrapporten viser til eit konsekvent mønster i WWF der eit problem blir identifisert, retningslinjer utvikla, gjennomgangar starta og nyttige anbefalingar innhenta, men der oppfølginga deretter sviktar.
Internt har WWF sitt fokus på å promotere gode nyheiter ført til ein kultur der programkontora har vore uvillige til å dele heile sin kjennskap til skuldingar om brot på menneskerettane.
Granskingsrapporten forklarer dette med frykt for å skremme vekk donorar eller fornærme statlege partnarar.
Granskarane oppfordrar WWF til meir openheit både internt og eksternt når det gjeld utfordringane ved å fremme naturvern og respektere menneskerettar. Rapporten trekk også fram at WWF sidan 2019 har jobba for å ta tak i problematikken gjennom nye tiltak for å sikre tryggleik og kvalitet.

«Enkelte tilfelle»
WWF i Noreg understrekar at granskingskommisjonen ikkje har funne noko som tyder på at WWF-tilsette har vore involvert i overgrepa mot lokalbefolkning eller urbefolkning. WWF i Noreg hevdar også å vite at WWF-tilsette har meldt frå til lokale myndigheiter i alle tilfelle der det har blitt varsla om overgrep.
- Men rapporten viser også at WWF har svikta i enkelte tilfelle, både når det gjeld å konsekvent følgje opp eigne rutinar og retningslinjer, men også i å utfordre myndigheitene til å verne menneskerettane i dei omtalte, landa, seier Karoline Andaur i pressemeldinga. Ho er generalsekretær i WWF Verdens naturfond (WWF i Noreg).
- Vi i WWF i Noreg har ei tydeleg forventning om at kommisjonen sine anbefalingar skal vere førande for WWF-nettverket sitt vidare arbeid for å hindre at overgrep og brot på menneskerettane kan skje igjen i område der WWF har prosjekt, seier Andaur.
- Har høyrt det før
Survival International arbeider for urfolk sine rettigheiter og er organisasjonen som varsla UNDP om overgrepa i Messok Dja i Republikken Kongo. Dei er ikkje imponert.
- No inkluderer naturvernet støtte til urfolk sine rettar i sitt narrativ, men vi har høyrt alt dette før. Lite ser ut til å endre seg på bakken. Landområda til urfolk må bli skikkeleg anerkjende som deira eigne, seier direktør Stephen Corry i ei pressemelding.
- Retten til å nekte uønska innblanding utanfrå må handhevast, inkludert såkalla «grøne» prosjekt, seier Corry.
- Mykje kritikk
Tor A. Benjaminsen er professor og samfunnsgeograf ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU). Han har studert korleis naturvernpraksis blir utført i Afrika, og har vore kritisk til WWF på dette området tidlegare. Han har ikkje hatt tid til å lese heile rapporten, men har sett på samandraget.
- Det er interessant at rapporten ikkje skulle ta stilling til om overgrepa hadde skjedd. Den skulle kun vurdere om WWF visste om overgrepa og likevel heldt fram med å støtte viltvaktene. Det verkar som eit ganske avgrensa mandat. Men sjølv om dette er ein intern WWF-rapport, inneheld den overraskande mykje eksplisitt og implisitt kritikk. Så kan vi i alle fall håpe at rapporten er med på å auke medvitet internt i WWF om kor viktig det er å respektere menneskerettar og demokratisk deltaking i naturvernprosjekt, skriv Benjaminsen i ein e-post.