Sør-Korea har gått fra å være et land som mottar bistand til å bli et giverland og medlem av OECDs utviklingskomité. Landet trekkes frem som ett av fire land som har hatt en vellykket utvikling. Her fra Busan containerterminal i Sør-Korea. Foto: EPA / Jeon Heon-Kyun / NTB scanpix

Frå lutfattig til gjevar, og deretter...?

Kva skjer når fattige land blir rikare og mister rett på bistand? Og korleis bør bistandsgjevarane opptre for å lette overgangen? Ein ny rapport ser på erfaringar frå fire suksessland. 

Publisert

Ofte kan bistandsfeltet verka som ei uendeleg kjelde til skuffelse. Vedvarande fattigdom, vanstyre og korrupsjon held mange land fanga i bistandsavhengighet. Men det finst lyspunkt.

Botswana, Chile, Mexico og Sør-Korea er fire suksesshistorier. Dei har alle enten klart eller er forventa til å klara å koma over den magiske inntektsgrensa på 12.000 dollar per innbyggar.

Når landa har inntekter over denne grensa tre år på rad, blir dei fjerna frå lista over land som har krav på internasjonal bistand. Slik bistand gjeld lån, gåver eller fagleg bistand som myndigheiter gjev direkte til utviklingsland eller multilaterale organisasjonar (organisasjoner som finansieres av flere enn to stater, og som bruker pengene på prosjekter i flere land, red. anm.).

Slike former for bistand vert kalla «Official Development Assistance» (ODA). Kriteria for kva land som hamnar på ODA-lista, blir bestemt av utviklingskomitéen til «Organisation for Economic Co-operation and Development» (OECD).

«Moving away from aid»: fire suksessland

Ein ny rapport frå den britiske tenketanken «Overseas Development Insitute» ser nærare på dei fire suksesslanda Botswana, Chile, Mexico og Sør-Korea. Rapporten «Moving away from aid» tek for seg korleis landa handterer overgangen til å ikkje lenger ha krav på internasjonal bistand.

Korleis sikrar dei utvikling når pengestraumane frå bistand tørkar inn? Og kva kan andre land og bistandsgivarar læra av desse fire landa?

Dei fire landa er på ulike nivå. Botswana og Mexico er halvvegs i prosessen med å koma seg av ODA-lista over bistandsmottakarar, medan Chile nådde dette målet i 2018.

Sør-Korea har på si side gått frå å vera ein av verdas fattigaste bistandsmottakarar til å sjølv bli gjevar til andre utviklingsland. Landet er i dag blant dei 29 rike landa som utgjer OECDs utviklingskomité.

Rapporten er basert på dataanalyse, litteraturgjennomgang og intervju med over 150 informantar. Den kjem med fleire tilrådingar for land som held på å vekse seg for rike til å ha krav på bistand. Dette er nokre av dei:

Mottakar må planleggje, gjevar kommunisere

I alle dei fire landa var overgangen til å klara seg utan bistand ein integrert del av deira nasjonale utviklingsplanar. Det endelege målet i desse planane var økonomisk utvikling og å oppnå status som høg-inntektsland.

I Sør-Korea vart bistandsmidla direkte knytt til å nå måla i deira femårsplanar for økonomisk utvikling. Landet utnytta pengestraumane frå bistand taktisk, som ei erstatning for manglande direkteinvesteringar frå utlandet.

Det er eit eksempel til etterfølging, meiner tenketanken ODI. Dei meiner fleire land bør ha klare nasjonale planar for korleis dei vil oppretthalda utviklingsarbeidet, også når bistanden tek slutt.

Dei peikar på nasjonale utviklingsplanar som nøkkelen for å sikra at bistanden er tilpassa nasjonale behov. Mottakarlanda bør også ha ei ordentleg oversikt over kva internasjonal bistand bidreg med på statsbudsjettet.

Landa som gjev bistand må på si side vere tydelege overfor mottakarlanda om at bistanden på sikt skal ta slutt. Dei må planlegga godt i førevegen, og kommunisera til alle relevante deler av statsapparatet i mottakarlanda, slik at dei kan justera sine forventningar til bistanden.

Eit eksempel som viser det motsette, er då fleire skandinaviske land plutseleg trakk bistandsmidlar til Botswana på midten av 1990-talet.

Rapporten er kritisk til den dårlege kommunikasjonen, som gjorde at Botswana ikkje var førebudd på kutta. Dei skandinaviske landa følgde heller ikkje opp løfta dei hadde gjeve om å utvida dei økonomiske relasjonane etter at bistanden fall vekk.

NGO-ar og fagleg bistand

Dei ikkje-statlege organisasjonane, NGO-ane, kan spele ei viktig rolle når bistanden går mot slutten. Rapporten peikar på at det lokale sivilsamfunnet speler ei viktig rolle for å redusera fattigdom og driva utviklingsarbeid på lokalt nivå, ikkje minst i land med høg grad av ulikskap.

Slike organisasjonar er samstundes også meir sårbare enn statar, og er dei første til å merka når bistandsmidla skrumpar inn.

Med den internasjonale bistanden kjem ofte fagleg bistand, som kunnskapsoverføring og opplæring. Mange av dei statstilsette som vart intervjua i rapporten, uttrykte frykt for å mista denne praktiske hjelpa, meir enn å mista pengeoverføringar.

Mellom anna gjeld dette i møte med dei nye utfordringane som kjem med klimaendringane. Mange peika på behov for fortsatt fagleg og vitskapleg utveksling så dei kan utvikla fornybare energikjelder.

Rapporten ber bistandsgiverlanda om å auka delen av fagleg bistand og kunnskapsoverføring når land held på å bli så rike at dei ikkje kjem til å ha krav på bistand i framtida.

Kritisk til kriterium for bistand

Trass imponerande økonomisk vekst, viser rapporten fleire veikskapar i utviklinga til desse fire landa. Veksten har kome til ein pris: Botswana, Mexico og Chile er blant landa med høgast nivå på ulikskapen i verda.

Fleire av informantane i rapporten er kritiske til at eit flatt inntektskriterium skal bestemma om land mister kravet på bistand. Kriteriet basert på inntekt per innbyggar fangar nemleg ikkje opp graden av ulikskap eller regionale skilnader i eit land.

Nokre informantar peika på at den bratte vekstkurva i Chile i verkelegheita berre gjenspeglar veksten i hovudstaden Santiago. I 2016 bad den chilenske regjeringa OECDs utviklingskomité om å revurdera kriteriet som tek land av bistandslista.

Alle fire landa har betra livsvilkåra til innbyggarane sine, og gjer det bra på FNs HDI-indeks for menneskeleg utvikling. Men rapporten peiker på to store utfordringar som vedvarer: kvaliteten på utdanning er dårleg både i Botswana, Chile og Mexico, og Botswana har ikkje fått kontroll på HIV/Aids-epidemien.

Powered by Labrador CMS