Ein protestaksjon i Karachi, Pakistan, etter at Høgsterett i 2018 oppheva dødsdommen mot ei kristne kvinne, Asia Bibi, dømt for blasfemi.

Meiningar:

Pakistans blasfemilov – ein tragedie for minoritetar

Ein 73-åring lynsja til døde, ei psykisk sjuk kvinne arrestert, eit kristent nabolag brent ned. Pakistans blasfemilov er livsfarleg i hendene på ekstremistar.

Dette er eit debattinnlegg. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.

Pakistan er eit gamalt samarbeidsland for norsk bistand og fekk 130 millionar i fjor. Dette er eit land med ei blasfemilov med obligatorisk dødsstraff. 

Makta i Pakistan er stolt av blasfemilova. Medan grunnlova garanterer trusfridom, brukar ekstremistane blasfemilova som livsfarleg våpen mot religiøse minoritetar. 

Det er grunn til djup uro etter ein serie angrep mot kristne i Pakistan.

Å skulda nokon for blasfemi utløyser mobbens vald og rop på galgen. Det absurde er at det tryggaste for ein som ugrunna er skulda for blasfemi, er å bli arrestert før ekstremistane kjem.

Men arrestasjon fører til fengsling. Det trengst ein svært god advokat for å hindra dødsdom og årevis i ei celle før ein høgare rett kjem til at den fengsla er uskuldig.

Familien til den arresterte må ofte gøyma seg på hemmeleg adresse. Den kristne firebarnsfaren Asif Pervaiz er dømt til døden og har sete ti år i fengsel.

Blasfemilova er ein pakistansk tragedie frå ende til annan.

Lynsja til døde 

Den 73 år gamle kristne mannen Nazir Masih i Sargodha i Pakistan var ute for å rydda søppel etter ei vindfull natt i slutten av mai. Ein kartong med papir hadde blåst innover eigedommen hans. Han tente på søppelet.

Ein nabo skal ha funne ein utbrend koran i bålet. Han vart rasande og godtok ikkje orsakinga – at det var eit uhell. Han tilkalla ekstremistvenene sine i Tehreek-e-Labaik Pakistan (TLP) for å ta livet av Nazir Masih. Dette er folk som ikkje ventar på ei rettssak. 

Masih døydde på sjukehus. Blasfemilova hadde fått eit nytt dødsoffer.

Gledeleg nok hindra politiet at heile det kristne nabolaget vart brent ned, slik det skjedde i Jaranwala ein annan stad i Punjab-provinsen i august i fjor. 

I Sargodha klarte mobben berre å tenna på huset og skofabrikken til Nazir Masih.

Psykisk sjuk i fengsel 

Ikkje før var Nazir Masih komen i grava, før ei psykisk sjuk kristen kvinne i storbyen Lahore blei arrestert, skulda for å ha fornærma profeten Muhammed. 

Det kom til ein krangel i ein butikk, ho skal ha reagert på ei muslimsk bøn på veggen. Kva ho sa, veit vi ikkje – orda inngår ikkje i politimeldinga. Det er heller ikkje sikkert at ho sjølv veit kva ho sa. Sonen hennar fortel at mora fleire gonger er behandla for sin psykiske sjukdom, men til liten nytte. At ho er sjuk, er godt kjent i nabolaget, fortel sonen.

Jameela Bibi (60) sit no i fengsel, skulda for å ha brote paragraf 295-C i straffelova, ein paragraf med obligatorisk dødsstraff for å ha vanæra profeten Muhammed.

Blasfemilova er Pakistans forbanning. Ja, politiet kom mannsterke til Sargodha, og styresmaktene har bygd opp at heimar og kyrkjer i Jaranwala. Men politiet har fått knallhard kritikk av høgsterett for elendig etterforsking av dei ansvarlege bak vandaliseringa.

Misbruket av blasfemilova er utbreidd. Det er fritt for straff å spreia falske klagemål som fører til arrestasjon, vandalisme, lynsjing og død av uskuldige. Det rammar religiøse minoritetar og shia-muslimar. Blasfemilova vert også brukt om dødeleg hersketeknikk i feidar.

Ifølgje pakistanske Centre for Social Justice (CSL) var minst 94 blasfemi-skulda personar drepne av ekstremistgrupper mellom 1994 og 2023. Sju vart drepne i fjor, blant dei var både muslimar og sikhar.

Noreg blei gledeleg nok kvitt blasfemilova i 2015. Men det er likevel eit milelangt stykke frå forbodet mot Life of Brian i 1980, til at det vert tromma saman ein rasande mobb på hundrevis for å slå i hel ein kristen skomakar eller ein sjia-muslim eller brenna ned eit heilt nabolag i Pakistan. Måtte tankegangen at Gud klarar seg, det er menneske vi skal verna, slå inn.

Muslimar med i protest 

Etter lynsjinga av Nazir Masih vart det i storbyen Lahore tromma saman ein protestaksjon der fleire muslimske lærde var med, saman med kyrkjeleiarar og sivilsamfunn, som Stefanusalliansens partner arrangerte. 

Eitt krav er tiltak for å stogga misbruket av blasfemilova, eit anna er oppgjer med valdeleg hatprat i media og moskear. Og dei som lynsja Nazir Masih til døde, må stillast til ansvar. Ekstremistane i Tehreek-e-Labaik Pakistan (TLP) har derimot mobilisert for å få lynsjarane fri frå varetekt.

Dei pakistanske ekstremistane er eit mindretal. Men i kraft av sitt guddommelege og valdelege raseri har dei makt over dei mange tause – og altfor ofte over lågare domstolar. Og diverre: Den føderale regjeringa i Pakistan signerte i juni i fjor ein farleg avtale med TLP om at TLP er å rekna som eit politisk parti og ikkje ein terrororganisasjon. Dette gjev ekstremistane ein heilt annan tilgang til media enn dei elles ville gjort.

Det siste året har det vore tett mellom tragediar som følgje av blasfemilova, det minner om ein ekstremistisk kampanje mot kristne og andre religiøse minoritetar. Fleire norske utanriksministrar har teke opp religiøs hatefull retorikk og misbruk av blasfemilova. Vil utanriksminister Espen Barth Eide og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim leggja dei tragiske følgjene for religiøse minoritetar tungt inn over sine pakistanske motpartar etter endå eit uskuldig dødsoffer og ein absurd arrestasjon av ei psykisk sjuk kvinne?

Sunniva Kvamsdal Sveen

Jeg er debattjournalist i Panorama. Send meg gjerne en e-post med innlegg, svarinnlegg eller spørsmål.

Powered by Labrador CMS