For fem år sidan talte Mahlala Yousufsai og fire andre aktivistar til FNs generalforsamling om jenter sin rettigheter. Bildet viser (fra venstre mot høyre) Kainat Riaz , Shazia Ramzan, begge fra Pakistan, Mahlala, Amina Yusuf fra Nigeria og Salam Masri fra Syria. Men fortsatt er det langt igjen før haldningane i desse landa har endra seg. Pakistan, Qatar, Nigeria, Zimbabwe og Jordan scorar høgast på prosentdel innbyggarar som har fordommar når det gjeld likestilling. Foto: Darren Ornitz / NTB scanpix / Reuters

Stor haldningsundersøking: Folk flest i verda meiner makta er for menn   

Halvparten av oss meiner menn er betre politiske leiarar enn kvinner. FN slår fast at verda ikkje er på rett kurs mot målet om likestilling innan 2030. 

Publisert

Under oppvarminga til Den internasjonale kvinnedagen 8. mars kjem FNs utviklingsprogram UNDP med dystre nyheiter. I ein rapport som blir lansert i dag, kjem det fram at folk framleis har mange fordommar mot kvinner.

Materialet er basert på intervju med innbyggarar i 31 land. Desse landa utgjer 59 prosent av verdas befolkning.

  • Rundt halvparten av verdas befolkning meiner menn er betre politiske leiarar enn kvinner.
  • Over 40 prosent meiner menn er betre bedriftsleiarar enn kvinner. Like mange meiner menn bør ha førsterett på jobb.
  • Nesten 30 prosent meiner menn har rett til å slå partnaren sin.

Dette kjem fram i FN-rapporten “Tackling Social Norms - A game changer for gender inequalities”. I ei pressemelding skriv FN at normer og haldningar til likestilling er blant dei største hindra i å nå FNs berekraftsmål.

Rapporten baserer seg på tal frå den verdsomspennande undersøkinga World Values Survey, som måler sosiale normer verda over. Tala baserer seg på intervju med innbyggarar i 75 land som til saman utgjer over 80 prosent av verdas befolkning.

- Undersøkinga viser at verda fortsatt har ei stor oppgave foran seg i arbeidet med å fremme kvinners rettar. Dyptgripande fordomar er utvilsomt med på å hindre ekte likeverd, seier Ulrika Modéer, UNDPs visegeneralsekretær og leiar for eksterne relasjonar i ein e-postkommentar.

Likestillingstrenden flatar ut

Nesten 90 prosent av dei spurte gjev uttrykk for minst ein klar fordom (“bias”) mot likestilling. Og kvinner er nesten like fordomsfulle som menn: Medan 91 prosent av mennene viser ein klar fordom mot likestilling, gjer 86 prosent av kvinnene det same.

Undersøkinga kartlegg haldningane som folk har til likestilling innan fire dimensjonar: politikk, utdanning, økonomi og fysisk integritet (som viser til reproduktive rettar og fare for partnarvald).

Pakistan, Qatar, Nigeria, Zimbabwe og Jordan scorar høgast på prosentdel innbyggarar som har fordommar når det gjeld likestilling, medan Andorra, Sverige, Nederland, Noreg og New Zealand har minst fordommar.

FNs utviklingsprogram UNDP slår fast at verda ikkje er på rett kurs mot målet om likestilling innan 2030. Sjølv om mykje går rett veg, har den samla framgangen flata ut dei siste åra. Med dagens trend, vil det ta 257 år før kvinner har dei same økonomiske mogelegheitene som menn.

Stangar mot glastaket

I år er det 25 år sidan FN arrangerte den største kvinnekonferansen i historia. Den munna ut i handlingsplanen Beijingplattformen, som blir omtala som gullstandarden for likestilling.

Mykje har skjedd sidan då, ikkje minst for kvinners tilgang til helsetenester og utdanning. Samstundes ber altså både menn og kvinner på haldningar om at kvinner er mindre kapable til makt enn det menn er.

FN knyter desse haldningane opp til diskusjonen rundt “glastaket” - dei usynelege barrierane kvinner møter i liva sine. Haldningane er med å oppretthalda dette glastaket som kvinner stangar mot i vegen mot toppen.

“Glastaket som hindrar kvinner framgang, er framleis vanskeleg å knusa”, skriv FNs utviklingsprogram i pressemeldinga til rapporten. Dei viser til at medan likestillinga er kome langt innan grunnleggande tilgang til utdanning og helse, så slit kvinner med å nå heilt til topps.

Rapporten peiker mellom anna på at:

  • Sjølv om menn og kvinner har same deltaking i val, er berre 10 av 193 regjeringsleiarar kvinner.
  • Berre 5,8 prosent av direktørane i dei 500 største børsnoterte selskapa er kvinner.
  • Sjølv om kvinner jobbar fleire timar enn menn, tener dei mindre. Dei jobbar ofte i låglønnsyrke eller gjer uløna
  • Kvinner utgjer 43 prosent av arbeidsstyrken i jordbruket i utviklingsland, men berre 18 prosent av gardseigarane er kvinner.

Svenske menn, i revers?

FN åtvarar i rapporten mot ein “backlash” der støtta som er bygd opp til likestilling blir satt år tilbake i tid. Dei peikar på at fordommar er på frammarsj i mange land, og kallar utviklinga “bekymringsfull”.

Delen kvinner med moderat til intense fordommar mot likestilling har auka frå 57 til 60 prosent, medan talet for menn auka frå 70 til 71 prosent.

Delen menn utan fordommar til likestilling har gått ned i Sverige, Tyskland, Mexico og India. FN meiner dette kan indikere eit tilbakeslag for likestilling i desse landa.

Sjølv om Sverige framleis er mellom dei mest likestillingsvenlege landa, har haldningane endra seg kraftig over kort tid. Delen folk utan fordommar mot likestilling har gått ned frå 81 prosent til 60 prosent i dei to periodane 2005-2009 og 2010-2014.

Powered by Labrador CMS